I Heddeli barnehage har bleieskift, ryddestund og måltid blitt arenaer for språkarbeid. 
– I staden for å skunde på ungane ved toalettbesøk eller å rydde ut av oppvaskmaskina åleine, bruker vi no desse stundene til samtalar med barna, seier avdelingsleiar Nina Merete Bakkåker i Telemark-barnehagen. 

Oppjusterer rutinane

Ro og fordjuping er stikkord snarare enn det å forte seg å bli ferdig når bilete skal hengjast opp, skuffer og skap skal ryddast, støvlar og kjeledressar skal på. Dei vaksne fungerer som språkmodellar for barna, og rutinesituasjonane, som barnehagedagen er proppfull av, blir til lærings- og språksituasjonar. Bakkåker forklarar: – Vi startar ei kort samlingsstund med å trene munnmotorikken. Då har vi til dømes øvingar kor tunga slikjer nasespissen, ganen, innsida av tennene eller munnholen. Vi gjespar og gapar og førebur munnen på mange timar med kommunikasjon.  

Barnehagen har også ei dagtavle, som er framme kvar dag. Der står det kva dag og dato det er i dag, og kva vi skal gjere saman, ei verdifull kjelde til dagleg samtale. Rundt om i barnehagen heng bilete av bokstavar, tal og tekstar. Skuffer og skåp er merka med ord og bilete. Og kvar månad har barnehagen eit dikt som ungane lærar utanåt innan månaden er omme.  

– Denne månaden har vi hatt Dinkeli, donkeli, døye heiter ei grøn papegøye, fortel Bakkåker.

– Kvifor bruker de så mykje tid på språkutvikling?

– Mange barn har problem med språket. Somme klarar til dømes ikkje å uttale alle lydane rett, somme har dårleg ordforråd, andre har vanskar med å uttrykkje seg av andre grunnar, forklarar barnehagelæraren. Gjentakande øvingar i det daglege, samtaler i små grupper med medvitne vaksne språkmodellar, hjelper i så måte betre enn éi intensiv økt i veka, som er det ein logoped i beste fall kan tilby. Derfor er barnehagen sin jobb så viktig, seier Bakkåker.

Opptekne av identitet

Seljord kommune var tidleg ute og har dei siste 5 åra hatt ei medviten satsing på språkutvikling. Det blei nedsett ei prosjektgruppe med representantar frå alle barnehagane leia av pedagogisk-konsulent.
– Vi har dessutan ein politikk på at heile personalet skal få eit løft, ikkje berre nokre få som har fått gå på kurs. Vi har kursa oss i alt frå forteljeteknikk til korleis ein førebyggjer lese- og skrivevanskar.
I den lokale rammeplanen for barnehagen står det at barnehagen skal legge til rette for språkstimulering gjennom språkfremjande aktivitetar, og vidare at ein skal nytte lokal dialekt og nynorsk i songar, forteljingar, rim og regler så langt det let seg gjere. Kor viktig meiner Bakkåker målforma blir i ei slik satsing?
 ?– Det er viktig for barn å vite «Kor kjem eg frå?». «Kor er røtene mine?» Vi er opptekne av identitet. I neste omgang handlar det om å utvikle respekt for andre. Vi bruker mest mogeleg nynorskbøker. Lokale segn og soger er òg ein viktig del av formidlinga. I Heddeli skal alle femåringane framføre ei lokal segn i løpet av barnehageåret.

Skattkammer

Barnehagen samlar alle ressursar som kan nyttast av fortelje- og songskattar, i språkpermane som alle nytilsette får utdelt etterkvart som dei kjem til. Slike ressursar må vere lett tilgjengelege, meiner Bakkåker. Barnehagen har òg eit eige skattkammer kor ikkje berre bøker og cd-ar er samla, men også ressursar som kan brukast til å visualisere det personalet fortel eller syng for barna.

lesingBibliotek og helsestasjon er også naturlege samarbeidspartar i språkarbeidet, samstundes som barnehagen bruker nærmiljøet aktivt.  
– Apropos bøker. Ingen barn hjå oss slepp unna boklesing. Noko av det viktigaste av førebyggande arbeid som vi kan gjere, er å lære barna å bli glade i bøker.  
– Vi jobbar òg aktivt med å kartleggje språkutviklinga til kvart einskilt barn, seier Bakkåker, som vil understreke at det ikkje handlar om å stemple barna på nokon måte. – Gjennom kartlegging blir vi kjende med dei behova som barnet har, og dermed lærer vi kor vi vaksne skal setje inn ressursane, avsluttar ho.

 

Lik Framtida.no på Facebook: