– Broren min er ei krokodille!
Femåringen på første rad gliser tannlaust og peikar mot scena der apekattar, krokodillar, slangar og ein kanin snart skal boltre seg.

Elevane ved Høgskolen Stord Haugesund har brukt dei siste tre veken på å dramatisere Hans Sande si bildebok Slangen i graset, og no, under Falturiltufestivalen skal det vere to framsyningar.

Elevane har gjort alt sjølve, frå omarbeiding av manus frå bildebok til musikal, til scenografi, kostyme og framføring. Med seg på scena har dei og 4. klassingar frå Rommetveit skule, inklusive ei krokodille med ein tannlaus bror i publikum. Produksjonen har blitt til i løpet av tre hektiske veker, og ekstra spennande er det at festivaldiktar og forfattar Hans Sande skal kome og sjå preimeren.

Dei står på alt dei maktar, alle dyra i Amazonas, kaninen som er så redd og slangen som berre lyg og lyg, og publikum lar seg rive med. Bror peikar på bror og myggen med bongotromma frir hemningslaust til publikum. dei har det moro, både på og utanfor scenen.

Etter premieren, som er vist for medstudentar og elevar frå barnehage og småskule i nærleiken, kan Sande slå fast at elevane hadde kome godt frå det.

Trass i noko språkleg rusk meiner forfattaren elevane hadde laga ei flott framsyning.

Midtpunkt

Men her skal skje meir, denne dag to av noregs einaste nynorske barnebokfestival. Elevane frå kunst og handverksklassen har nemleg illustrert fleire av Hans Sandes bøker, mellom anna ei ny bok om Arkimedes og Eureka som ikkje kjem ut før i 2012.

Tidlegare på dagen har elevane øvd seg på å vere formidlarar ved å arrangere lesestund og syne fram utstillinga si for 5- og 6-åringar som viljug nok spør om kva det skal vere, anten det handlar om boka, bilda eller kor gammal den vaksne er. Etter Slangen i graset skal utstillinga av bilde opnast på høgdtidleg vis, og då er det forfattaren sjølv som får trø til. Hans Sande les frå den nye Arkimedes-boka og minner om at den ikkje er kome ut enno – her kan framleis vere muleg for skarpe illustratørar å kome med i betraktninga.

Hans Sande sin jobb som festvaldiktar var ikkje ferdig etter musikalpremiere og utstillingsopning.

No ventar fleire opplesingar rundt om på institusjonar, og i tillegg skal han innleie på eit litterært seminar på fredag. Det er meir med jobben som festivaldiktar enn å berre vere eit strålande midtpunkt, som Sande sjølv skildrar det.

Kan vekse

Årets Falturiltufestival er den fjerde i rekka, og Kristine Torkildsen i festivalleiinga er svært fornøgd med at Stord får vise seg fram som nynorskkommune på denne måten.

– I år har vi 15 forfattarar og eit variert program å by på, seier Torkildsen. Ho meiner festivalen har eit potensiale for vekst også framover, og peiker på at det å nå ut over kommunegrensene med tilbod til nabokommunar er eit mål å jobbe mot.

– Samstundes kan det hende vi baserer oss på å ha færre forfattarar kvart år enn vi gjer no, og heller lar kvar forfattar få fleire oppdrag når dei først er her.

Begeistring

Torkildsen er glad for at Falturiltufestivalen får høve til å løfte fram Hans Sande sin foirfattarskap.

– Som han seier sjølv, så er han ikkje nokon kjendis. Men vår erfaring er at barnehagar og skular som blir kjende med forfattarskapen hans blir svært fascinerte og begeistra. Vi ønskjer å vere med og løfte denne forfattaren enno meir fram i lyset.

Sande har gitt ut 45 bøker, dei fleste av dei for barn. Forfattaren har i tillegg kunstnar og har ei utstilling på Stord kulturhus under festivalen.

Tekst og bilde: Toyni Tobekk

Onsdag 10. november 2010 13:20


 

Lik Framtida.no på Facebook: