Me er mange som har gledd oss over Inger Lise Belsvik som illustratør, no debuterer ho også som forfattar. Spring, hesten, spring er ei biletbok i ekte Belsvik-tradisjon, med sine store, varme og fargerike illustrasjonar som kommuniserer med teksten på ein heilt spesiell måte.

Me får vere med ein liten gut og hesten hans på ei farefull ferd gjennom lufta, over ei strid elv og forbi ein stor vulkan. Hesten treng hjelp til noko, men kva kan det vere? På andre sida av vulkanfjellet får me svaret. Der ligg nemleg ein liten fole som er skada.

Teksten er ein heilt naturleg del av illustrasjonane i denne boka. Orda fylgjer handlinga på ein fin og var måte, dei ligg som graset når vinden bles, og er som bølgjer når dei kjem i elva. I mange tilfelle kan slike tekstgrep bli for mykje eller på feil plass. Men her glir ord og teikningar saman og gir oss som lesarar ei sterk oppleving av heilskap. Samstundes er det framleis teikningane som er Belsvik sitt sterkaste kort.

Forteljinga har ein tydeleg eg-person, som me fylgjer. At me ser handlinga frå guten sin ståstad, gir oss også eit tettare forhold til historia og kva som kjem til å skje med hesten og guten.

Dette er ei biletbok du truleg blir så glad i at du har lyst til å krype inn i ho.

Spring, hesten, spring

Av: Inger Lise Belsvik

Samlaget

Lik Framtida.no på Facebook: