– Sjølv små born likar å lytta til lesing.

Førskulelærar Margunn Kjærland jobbar med dei minste borna i Bringedalsbygda barnehage, i avdelinga for dei frå null til tre år med det sommarlette namnet «Blåklokkene». Ho har erfart at også dei minste av dei små likar forteljingar og å bli lesne for. Avdelinga har innført fast lesestund ein gong i veka, noko som neppe er heilt vanleg i småbarnsavdelingar.

– Borna likar det godt. Vi les mykje elles også, men då er det borna som tek initiativet, fortel Kjærland.

Born begynner tidleg å interessera seg for ord, og den interessa bør stimulerast, seier ho.

Kjærland har saman med ein av dei andre førskulelærarane i barnehagen delteke på Nynorsksenteret sitt kurs om prosjektet «Nynorsk i barnehagen».

– Vi hadde godt stoff å formidla då vi kom heim. Kurset gav oss råd og vink om praktisk gjennomføring, og motivasjon til å gjera det. Sidan eg arbeider på ein småbarnsavdeling, så må eg forenkla ting for å kunna bruka det der. Bodskapen på kurset er mest retta mot dei største borna i barnehagen, seier Kjærland.

Nynorsk og dialekt

Kurset styrkte Margunn Kjærland i trua på at ein i nynorskområde skal prøva å unngå bruk av bokmål. Nynorsk og dialekt er det som fungerer best.

– Å lesa god nynorsk er bra, sjølv om nokre av orda og uttrykka er framandarta i starten. Blandar vi inn bokmål, kan det oppstå ei unødvendig forvirring. Difor omset vi bokmålstekstar til dialekten vår på direkten når vi les.

– Er det krevjande?

– Nei då, det gjer vi automatisk, nesten utan å tenkja over det.

Lik Framtida.no på Facebook: