Store og romlege konstruksjonar stimulerer born sin fiksjon, fantasi og kreativitet. I Slagen barnehage i Tønsberg forskar høgskulelektor Hege Hansson, for tida pedagogisk leiar, i samarbeid med pedagogisk leiar Lillian Gjerpen på born sin kreativitet med utgangspunkt i romlege installasjonar.

 

 – Kor mange rom kan eit rom romma i løpet av ei veke, eller ein haust? Spør Hansson. Ho har teke seg eit år fri frå jobben ved føreskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Vestfold (HiVe), og får dagleg testa ut eigne teoriar i praksis.

– Motivasjonen min er å gjera det eg har skrive om og forska på sjølv, fortel ei engasjert Hansson. Det er ein travel kvardag når ein kjem tilbake som barnehagepedagog etter 21 år. Målet er å bringa med seg barnehageerfaringar frå dette året tilbake til studentar og kollegaer ved HiVe. Erfaringane frå prosjektet deler ho undervegs på bloggen http://barnehagerom.wordpress.com.

Konkrete innspel til leik

Ut frå tankar om kva tyding pedagogar og personell har både som igangsetjar og som modell for konstruksjon av rom og leiken i rommet, er det i basen til Hansson og Gjerpen lagt til rette for romlege konstruksjonar i større format. Pedagogane har vore ute og skaffa store, kraftige og stabile papprøyrelement frå ei lokal bedrift. I tillegg har dei skaffa fleire timeterlange fôrsilkestoff i ulike fargar, lange tjukke tau, plastrøyr i ymse lengder og storleikar. Dei har òg fått tak i ulike underlag frå ein byggvareforhandlar. Naturmateriale i større og mindre format er sanka, i tillegg til at barnehagen har fått høve til å kjøpa inn mange plastfigurar for å få folk og dyr og tematisera dei romlege installasjonane.

– Dette for å gje konkrete innspel til borna som går inn i romma, seier Hansson. Borna har òg vore med i brukthandel for å finna småsaker til å dekorera fuglebustader med. Borna var i følgje Hansson oppglødde.

– Det var ei ny og interessant verd for dei, og det var utruleg morosamt å sjå kva dei syntes var fint, og kva dei valde å ta med seg.

 

Påverkar samspel

Kvar dag skapar pedagogane i løpet av kort tid estetiske uttrykk i form av romlege installasjonar med det materialet dei har til rådvelde.

– Borna har frå fyrste stund gripe impulsen med stort engasjement, og romma har stimulert borna til leik og samspel, seier Hansson.

Erfaringar så langt har vist at borna i fyrste omgang viste ein tydeleg kjønnsdelt leik. Eit døme på dette er at bruken av figurar gjorde at særskilt gutar byrja å ta med seg leiker heimanfrå for å bringa inn i leiken i barnehagen. Dette løyste personalet ved å melda frå til heimen at det var nok leiker i barnehagen, og at borna ikkje skulle ta med seg eigne leikar. Etter kvart vart kjønnsskiljet i leiken i følgje Hansson meir eller mindre viska ut.

– Vi har prøvt å skapa rom uavhengig av kjønn for ikkje å ekskludera grupper av barn i dei romlege tilboda me gir, forklarar Hansson.

 

Borna blir stimulerte til leik og samspel_foto Slagen barnehage

Deltek i utforminga

I byrjinga stupte borna inn i dei nye leikemiljøa og blei stimulerte til leik upåverka av tankar om korleis romma var blitt slik. Dei konstruerte leikemiljøa vart òg i løpet av kort tid dekonstruerte, rivne og omgjorde. Hansson understrekar at dei endrar og tilfører nytt materialtilfang over tid, og at kompetansen til pedagogane og borna vert utvikla og fører til endringar i framgangsmåten. Men idéen og tankemåten er den same. Den vert berre utvikla.

Etterkvart som borna er blitt meir vane med arbeidsforma, ser Hansson og kollegane at borna i større grad opprettheld scenografien og konstruktivt byggjer og utviklar den vidare etter kva leiken krev. Borna har også byrja å bestilla scenografi frå pedagogane og ber om særskilde figurar til leiken.

– Ut frå erfaring med korleis eit rom kan skapast, korleis dei romlege elementa og materiellet kan kombinerast og byggjast med, tek borna i større og større grad initiativ til å byggja scenografiar sjølv, understrekar Hansson.

Foto: Slagen barnehage

Lik Framtida.no på Facebook: