– Kvart barn, kvar ungdom, uansett kvar dei er i livet, skal kunne finna ei bok som møter dei der dei er. Min påstand er at desse bøkene finst, på nynorsk. Bente Bratlund er både barne- og ungdomsbokforfattar og litteraturformidlar, og vil avkrefta myten om at det ikkje fins nynorske barnebøker, eller at dei er for spesielle. – Ja, dei er spesielle, svarar ho. Spesielt gode. 

 Prosjektleiar i Falturiltu Hege Myklebust (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland) 

Ho får støtte av prosjektleiar, Hege Myklebust. – Med Falturiltufestivalen har vi ei von om å opne auga til fleire om det som finst av barnelitteratur på nynorsk, seier prosjektleiar Hege Myklebust.

Oppsummeringa av årets Falturiltuveke er ikkje unnagjort, men Myklebust er strålande nøgd med oppmøtet på dei ulike arrangementa. I løpet av veke 45 har det vore opne førestillingar for born og vaksne, forfattarbesøk i skulen, barnelitteraturseminar, skrivekurs, konsertar, førestillingar og utstillingar.

Det har teke tid for festivalen å få etablert seg og bli kjend, og Myklebust meiner at meir kjende namn på plakaten, som dei hadde i år, gjev resultat.

Ragnar Hovland (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland) 

Festivaldiktar Ragnar Hovland opna fredag seminaret “Ryk og Reis”, der han gav lydarane eit innblikk i si eiga barnelitteraturreise. 

– Han er utvilsamt ein av dei største fornyarane av norsk barnelitteratur, sa Per Olav Kaldestad då han introduserte festivaldiktaren. Ragnar Hovland debuterte som barnebokforfattar i 1979 og har gitt ut 18 bøker for barn og unge.

Les meir om Ragnar Hovland på lnk.no.

 

Lik Framtida.no på Facebook: