– Det er pedagogar som er brubyggjarar mellom barna sin forkunnskap og den nye kunnskapen. Gro Ulland, høgskulelektor ved Høgskulen i Bergen, avd for lærarutdanning snakka om førforståing og ordforråd hjå unge lesarar på seminaret om Leseglede og språkutvikling i regi av Nynorsksenteret.
Ifølgje Ulland er det mange barn som undervurderer sin eigen forkunnskap. Ved spørsmål ho har stilt born om ord og uttrykk har ho ofte opplevd at born har sagt dei ikkje har har peiling. Eit døme var om borna kjende til kunst i kyrkjer. Ulland understrekar at det viste seg at alle hadde sett utformingar, men dei trudde ikkje denne kunnskapen var relevant og ikkje godt nok å fortelja om.
– Ved å leggja til rette for å snakka om kva born veit om uttrykk, dess meir får borna ut av lesinga. Dess meir ein har med seg inn i teksten, dess meir kjem ut, understrekar Ulland. For å formidla fagtekstar anbefalar Ulland å nytta bilete, då metaforbruken ofte vert skrella vekk i fagbøker.