Rosas buss er ei fantastisk og varm historie om rasisme, hat og mot til å kjempe for rettane sine, men òg ei historie om redsel og svik. Ikkje minst er dette ei bok som det er viktig å ta seg med inn i framtida. For å løyse utfordringane som kjem, er det viktig å kjenne fortida.

 

Me møter Ben og bestefar, som er på veg til Henry Ford-museet. På vegen fortel bestefar historia om den farga kvinna Rosa, som i 1955 nekta å reise seg for dei kvite på bussen. Bestefar var sjølv på bussen og såg korleis Rosa slåst for rettane sine. Raselovane kravde nemleg at dei farga skulle reise seg på bussen for dei kvite. Dei farga fekk heller ikkje kome inn på dei same kafeane, og dei fekk ikkje same lønna som dei kvite.

Rasisme og hat er vanskelege tema, men denne varme historia kan opne mange dører, både for dei yngste og dei litt eldre lesarane. Teikningane er detaljrike og litt mytiske. Dei ber preg av å vere bilete frå ei anna tid og tek lesaren med seg til eit litt ukjent terreng.

Dette er ei av dei historiene som ein bør høyre og ikkje minst fortelje. For barna er det viktig å få eit bilete på korleis ein bør stå opp for rettane sine, og kva som kan skje når me er redde for det ukjente. 

– Det er alltid ein buss som passerer gjennom livet til kvar og ein av oss. Du må halde auga opne og ikkje miste din, seier bestefaren i boka. 

Boka høver best for dei mellom 6 og 9 år.

Rosas buss
Fabrizio Silei
Illustrert av Maurizio A.C Quarello
Frå italiensk ved Guri Vesaas
Samlaget 2012

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: