Her får me den spanande forteljinga om Fridtjof Nansen sin første ekspedisjon i 1888 over Grønlands innlandsis, i teikneserieform. Dette er ei mektig, fargerik og dramatisk historie, men Ousland klarer å ta ho ned på jorda og gjere ho lett å lese.

Teikningane er store, gode å sjå på og forklarande i seg sjølv. Dei små tekstelementa rundt teikningane er heilt naudsynte for å fange samanhengane, men samstundes så små at dei er overkommelege.

 

Forfattaren har brukt Nansen sine eigne bøker som kjelder. Dei fleste sitata og dialogane er henta frå desse bøkene, men han har modernisert språket somme plassar, skriv han i omslaget. Dette er veldig lurt, for med eit enklare og meir moderne språk når du fleire lesarar og gjer stoffet enklare også for dei minste lesarane.

Her er mange lag i historia. Dei minste borna vil truleg ha nok med å sjå på teikningane og få enkle deler av historia forklart, medan dei eldste lett kan lese sjølv og orientere seg gjennom den dramatiske forteljinga. Eit kart over Grønland gjer i tillegg geografien lettare å forstå. 

Bjørn Ousland
Cappelen Damm 2012

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar