Anna R. Folkestad (29) blir inspirert av det meste, ikkje minst av borna sine. 

 

Anna R. Folkestad 
Alder: 29
Folkestad er frå Stord og debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, i 2012 kom første boka om Unni og Gunni ut, til no er fem bøker om pingvinvennene utgitt. 

  

– Korleis kom du på historia om Unni og Gunni?  

– Eg byrja å teikne pingvinfigurane som vart Unni og Gunni då ei mor med barnevogn hadde trilla våte hjul inn i butikken der eg var og snudd dei rund slik at merka etter hjula likna eit pingvinansikt. Så inspirasjon er overalt.

Etter form og farge på vidaregåande vart det kunstskule. Etterkvart dukka tanken på å lage barnebøker opp. I første omgang var det illustratør ho ville bli.

– Men ein finn ikkje forfattarar liggjande i grøftekantane no til dags som veiftar med ein barnebok- tekst dei vil at du skal illustrera. Så eg tok rett og slett saka i eigne hender. Og tanken på at eg kunne skrive noko, var komen.

– Korleis var det å skrive debutantboka? 

– Det tok tid, og eg hadde nok ikkje skrive debutantboka mi om det ikkje hadde vore for all prøvinga og feilinga. Alle tankane om at det eg gjorde ikkje var bra nok eller at eg skulle vore ein annleis forfattar melde seg, seier Folkestad som framleis ikkje vil snakke om seg sjølv som forfattar.

Skriveprosessen kan bli noko einsam, då er det godt at nokon andre stiller dei kritiske spørsmåla.

– Då er det godt å ha ein redaktør som stiller vanskelege spørsmål. Det blir lite motstand når ein jobbar åleine.

 – Kva inspirerer deg?

– Mykje, kanskje litt for mykje. Borna mine er nok dei største inspirasjonskjeldene mine. Ting dei seier, lurer på, eller gjer, og tankar som eg trur dei lurer på. Eg prøver å laga bøker som eg meiner borna mine vil like. Eg vil også lage bøker som kan treffa vaksne. Det tross alt dei som skal orka å lesa bøkene til borna sine, helst mange, mange gonger. Det er stas.

I tillegg finn ho inspirasjon i sitje å teikne.

– Då dukkar det opp ulike figurar som kanskje har noko dei vil fortelje.

– Kva er det med barnebøkene som fasinerer deg?

– Det er dette med at det er ei utfordring at ein skal seie noko med kort tekst og likevel fange interessa til borna. Det skal jo vere ei historie der. Eg ser på boka som ein liten song som skal syngjast. At det er noko som fengjer i den heile vegen.

– Eg kjøper gjerne barnebøker sjølv berre fordi dei er fine å sjå på. Og når eg får litt vondt i magen av å lese og bla meg gjennom dei er det bra. Når eg ser noko veldig fint, får eg vondt i magen. Hyggeleg vondt altså.

Å vere forfattar handlar ikkje berre om å skrive. Det handlar også om å selje seg sjølv og bøkene sine.

– Det er jo veldig gøyalt. Det er så stas. Reise rundt på skular, barnehagar og på festivalar. No har eg jo eit fantastisk publikum i borna. Dei gir så mykje av seg sjølve og er lette å få med. Er litt vanskelegare å lese for vaksne, reknar eg med. No har eg faktisk lese boka Henrik And ein gong for ein del vaksne. Det var både skummelt og gøyalt.

– Kva likar du best; å skrive eller å illustrere?

– For tida er dei ganske likestilte. Eg jobbar gjerne med både tekst og illustrasjon når eg set saman noko eg tenkjer skal verte ei bok. Det gjer at eg ikkje treng skrive det eg illustrerer, som gjer at eg kan snurpe godt inn på teksten. Eg har også gjerne ei kjensle eg vil at boka skal ha, som eg prøver å formidle i tekst og illustrasjonar. Eg har også bøker som ligg som berre er bilete, men som det ikkje er kome noko tekst til, eg finn den berre ikkje. Så då får det berre ligge å vente til den rette dukkar opp tenkjer eg.

Les lenger intervju med Anna R. Folkestad hjå Magasinett. 

Oppdatert: laurdag 15. september 2018 17.20