Dottar av saueull flyg gjennom lufta. Somme landar mjukt på små barnehovud, somme blir stappa effektivt ned ein genserrygg. Vi er på teater for dei minste, og dei likar det som skjer!

Det byrjar ganske forsiktig, med ein skodespelar som bles og knipsar små ulldottar rundt i rommet. Leikent og likevel ganske roleg nærmar ho seg og opprettar ein bortimot ordlaus kommunikasjon med dei minste. Somme av barna syg alt som skjer, til seg med blikket, somme vender seg blygt mot mor og far. Men etter kvart er ho der: koplinga mellom barnet og det som skjer der framme på scenegolvet. Etter ei stund kastar dei modigaste seg fram og deltek i leiken, og til slutt er golvet fylt med ungar som kastar ull høgt i lufta, rullar rundt, snurrar på rokken og stappar ull i lommene på dei vaksne. – Masse, masse ull, ler dei. – Masse, masse ull!

Ulldotten (Foto: Toyni Tobekk)

Ulldotten er eit interaktivt teaterstykke for dei aller minste barna. Å kalle det eit stykke er likevel gjerne ikkje heilt presist. – Dette er eit levande møte mellom menneske. Barna og vi får lov til å vere i eit samspel, og stykket er slik sett ikkje ferdig laga, seier Lena Skjerdal og Henriette Harbitz, som har skapt og framfører Ulldotten. – Her kjem mange inntrykk undervegs, og det må vere rom for ungane til å utrykkje seg.

Dette er ei barnehageframsyning, men stykket blir også sett opp som ei familieframsyning. Hendinga går føre seg på golvet eller på ein slik plass at dei kan skape ein nærleik mellom barnet og seg sjølve.

– Vi ønskjer å kommunisere ordlaust med barna, og vi bruker estetiske verkemiddel for å oppnå dette, forklarar Skjerdal. Dei merkar stor skilnad på om dei har framsyning med foreldre til stades, eller om ho finn stad i barnehagen, kor mor og far ikkje er med. Og samstundes er inga framsyning lik den førre, nettopp fordi ho i så stor grad blir styrt av samspelet med barna.

Når ein skal møte dei minste med drama, er ein avhengig av at barna kjenner seg trygge. Derfor er inntoningsperioden i Ulldotten ganske lang, seier Skjerdal. Det vil seie at dei tek seg godt tid i opptakta til framsyninga, dei kjenner på pulsen til publikummet sitt og etablerer kontakt på barna sine premissar.

– Eg må bruke tid på å varme dei opp. For meg handlar det også om å kome inn i verda deira, seier Skjerdal, som er den av dei to som er mest synleg til stades i framsyninga.

Somme gonger kjem kontakten fort, somme gonger tek det lengre tid. Denne lyttinga til stemninga hjå dei små må dei halde fram med gjennom heile framsyninga for å avpasse spenningsnivået. For det skal vere spennande, men ikkje skremmande.

– Det er naturligvis stor skilnad på barn mellom 1 og 3 år, og somme gonger er det med enno eldre barn viss det er ei familieframsyning med søsken til stades, seier Skjerdal og Harbitz. Men dei jobbar alltid ut frå livsverda til dei yngste publikummarane.

Det blir brukt få ord og lite effektar under framsyninga. Musikken og songen er forsiktig til stades og drar vekslar på gammal småbarnskultur som sulling, vogging og byssing.

– Vi prøver å vere til stades i barna si livsverd, seier Lena Skjerdal. – Korleis møter vi dei på 1, 2 og 3 år? Verda deira handlar om å smake og å kjenne, og vi er på golvet med dei, der kor det er taktilt, der kor det smakar og luktar.

Harbitz og Skjerdal er båe lektorar ved Høgskolen i Sogn og Fjordane. Dei har spela Ulldotten sidan 2010 og har reist til Polen og Island med framsyninga. Ulla dei bruker no, har dei med seg frå Island.

Ulldotten:

Interaktivt teater for yngre barn
Spelt i Polen, Island og Noreg
Konsept og skodespel: Henriette Harbitz
Musikk og skodespel: Lena Skjerdal
Dokkemakar: Hege Gjerde

 

Lik Framtida.no på Facebook: