Mange av dei nye biletbøkene er både realistsike og ubehagelege. Gro Dahle si biletbok om skilsmissebarn er ikkje noko unntak.

 

Ikkje alle biletbøker er meint som koselesing på sengekanten. Fleire av dei nye biletbøkene i år tek opp tema som skilsmisse, død og depresjon, skriv Dagbladet.

Gro Dahle har saman med dottera Kaia Linnea Dahle Nyhus laga ei særs realistisk biletbok om eit barn i ei skilsmissekonflikt. 

– Eg er bekymra for effekten av langvarige høgkonfliktskilsmisser. Særleg storesøstre tar ofte mykje ansvar for mor, far og søsken og framstår som positive og støttande. Men på sikt ser ein at jentene kan reagere med sjølvskading, spiseforstyrringar og til og med sjølvmordsforsøk, seier Gro Dahle til Dagbladet.

Det var borna sjølve som kalla det for ein krigssone.

– I samtalar seier barna at dei opplever heimen som «ein krigssone» og seg sjølv som «flyktningar». Ei jente seier at ho «lever på Gaza-stripa». Også «seigmannsarmar» er barna sine eigne uttrykk, dei må heile tida slepe tunge bager og klede mellom sine to heimar, seier Dahle, som ynskjer å ha eit konsekvent barneperspektiv.