Trude Brendeland i Fantasifantasten vil fremje leik, humor og livsglede i barnehagen.

–  Eg er opptatt av å ta leiken og kreativiteten på alvor – og la det synest i alle rom, seier Brendeland som driv bedrifta Fantasifantasten. Ho har sjølv lang erfaring som tilsett i barnehage og har etter kvart utvikla eit eige firma for å stimulere til meir kreativitet i kvardagen hjå dei minste. Ho meiner det er viktig at dei vaksne i barnehagen veit kva rolle dei skal spele i leiken.

–  Dei vaksne skal ikkje ta kontroll over leiken, men dei kan godt vere passasjerar og eller pasientar og hjelpe til i slike roller, slår ho fast.

Ta inn naturen

Brendeland er oppteken av å skape det kreative rommet for barnet, gi dei rammene der fantasien kan få fritt utspel.  Det betyr at somme leiker av og til må vike plassen for andre material.

–  Mitt beste råd er å sjå etter kva  borna leikar med ute , og ta det inn. Borna kan ikkje berre ha plastleiker eller bilar på eit bilteppe, dei treng andre materialer for å sleppe kreativiteten laus. Ein plastbil er ein bil, medan ein stein kan vere både bil og mange andre ting. Det må vere noko å  skape med, fortel Brendeland engasjert og viser til at det går godt an å ta inn mykje fint frå naturen og ikkje minst setje ekte gryter inn i leikekjøkkenet.

–  Ta vekk ein del av plastikken og erstatt  det med ekte ting, då blir leiken heilt annleis med ein gong, forsikrar ho.

Det handlar om å ikkje setje grenser for fantasien, men å legge til rette for at borna kan utvikle kreativiteten.

 Kreative rom

I Fantasifanasten jobbar også Brendeland mykje med korleis romma i barnehagen kan utviklast til å bli gode, kreative rom.

–   Eg ser mange fattige rom i barnehagane, som ikkje skaper så mykje. Store, opne rom er ikkje gunstige, born vil gjerne leike i krokar og krinklar.

–   Rommet må invitere til å skape noko. Målet er at borna tenkjer: kva forteljingar kan eg lage av det eg ser her.

Ho har gitt ut fleire bøker om livet i barnehagen, både om samlingsstunda  og om korleis ein kan skape eit levande språkmiljø for dei minste.  Begge bøkene har også  gitt grunnlag for ei kursrekkje som Brendeland reiser rundt med i barnehagane. No kjem også boka om lekelyst, om å forstå leiken og om å skape best mogleg vilkår for den. Også dette er i dag eit av kurstilboda hjå Brendeland.  På nettsidene sine legg også Brendeland ut gode tips til korleis ein kan skape ein meir kreativ kvardag i barnehagen. Her viser ho korleis barnehagane blant anna kan lage den kreative mattelekeskogen, språkleik med mysterieboks og kreative idear til bilkroken.

–  Det er noko heilt spesielt med å skape ting sjølv, eg vil at borna skal sjå gleda i det og ikkje minst gleda i å lage noko ein kan gi vekk. Det ligg mykje omsorg i det. Det er viktig at me ikkje berre kjøper alt.

Forteljinga skaper språk

Småfolk barnehage i Etne arbeider spesielt med å skape dei gode historiene. Denne hausten hadde den private barnehagen Fantasifantasten inne for å sjå på korleis ein kan gjere rommet om til den tredje pedagogen.

–  Målet vårt er at rommet skal fungere som den forlenga armen til dei tilsette. Det er viktig for oss at borna har rom der dei kan skape eigne forteljingar. Me lærte blant anna å tenkje over kva material me brukar, at me kan ta inn meir frå naturen enn me kanskje har gjort før, seier dagleg leiar Anette Lauareid Hovda.

–  Me har framleis ferdigleiker som duplo og togbane, men no har me supplert med meir naturlege ting også.

Og effekten av å tilpasse romma meir kreativt lot ikkje vente på seg.

–  Borna kjem raskare i gang med leiken no, det er mindre springing og herjing. Og dei leikar både rolegare og lenger enn før, seier Hovda og viser til at det er ein sterk samanheng mellom å stimulere kreativiteten og å arbeide bevisst med historier og forteljingar. Det handlar om å skape rom for forteljing.

–  Forteljinga er den raude tråden gjennom alt arbeid hjå oss. Det er så viktig at me formidlar den munnlege kulturarven vidare til borna, det har mykje å seie for både sosialkompetanse og språkkompetanse.

– Og borna frydar seg når dei vaksne fortel historier frå eige liv, eller diktar opp gode forteljingar.

Også Trude Brendeland meiner samanhengen mellom kreativ leik, forteljingar og språk er viktig. –  Borna brukar meir språk etter kvart som dei leikar meir. Det er viktig å sjå kva borna er opptekne av , og å bruke det i språkstiumleringa.

Du finn òg denne utgåva av Pirion i Fagbladet nr 12/2013 frå s.39

Lik Framtida.no på Facebook: