Marianne Stenerud vil gjerne skape ulike univers av forteljingar der borna kan delta aktivt.

 

Dei siste åtte åra har Marianne livnært seg av å fortelje, aller mest til born i barnehagar, skular og på familieframsyningar. Ho er oppteken av at ein må brenne for forteljinga før ein kan formidle ho. Marianne har bakgrunn frå studium i praktiske lærarfag, dramaturgi og forteljarkunst.

– Eg må like historia veldig godt, då engasjerer eg meg og får eit hjarte for kva som skjer. Det smittar over på lyttarane, seier ho.

Gode bilete
Noko av det viktigaste er kanskje å spe forteljinga med dei gode og levande bileta. Dei skildringane som lyttarane sit att med når forteljinga er over.

– Eg likar å fortelje både kjende og ukjende historier. På ein måte er det kjekt når barna kjenner seg att i det som skjer, men på ein annan måte er det kjekt å kome med noko nytt, noko dei ikkje kjenner så godt.

Marianne brukar mykje folkeeventyr og mytar når ho fortel. Medan eventyra ofte har ein tydeleg moral, kan mytane vere vanskelegare å tolke, noko Marianne likar.

– Eg likar det at mytane er så tvitydige. Det er ikkje alltid eg heller klarer å finne ut heilt kva forteljinga ynskjer å seie; då kan me undre oss saman, både eg som fortel, og dei som lyttar.

Ho er oppteken av responsen frå dei små som lyttar. Er det ei morosam forteljing, kan responsen fort bli latter, andre gonger sit dei der og berre lyttar.

– Eg fortalde skrekkhistorier til elevar i 6. og 7. klasse. Det var kjekt å sjå korleis dei vrei seg på stolane i spenning for kva som kom til å skje. Dei ulike aldersgruppene reagerer litt ulikt, dei minste er meir spontane i reaksjonane og fortel akkurat kva dei meiner. Men dei kan la seg rive med dei som er eldre, òg.

Inviterer lyttaren inn
For å fange merksemda til dei minste tek ho gjerne i bruk fantasifulle element som skaper ei leikeramme rundt forteljinga, som fungerer godt.

– Det er viktig å invitere dei med inn i handlinga, det kan vere rørsler me gjer saman, rim og rytme me brukar, eller fysiske ting me legg fram som viser til handlinga.

– Har du nokre tips til tilsette i barnehagar som har lyst til å bruke meir forteljing?

– Prøv å fortel mykje, men begynn med dei superkorte forteljingane. Og ta ikkje inn det største publikummet til å byrje med, det held med nokre få som kan lytte. Det er viktig å hugse forteljinga godt, samstundes som du klarer å fortelje ho med eigne ord. Då er det greitt at historia verken er lang eller komplisert.

Sjølv byrja ho også med å teste små historier då ho arbeidde i barnehagen. Til og med i dag hender det ho tek kontakt med ein barnehage for å høyre om ho kan få lov til å teste ei ny historie på barna der.

Filosofisk reise
I haust inviterte ho og filosof Ingunn Sira Myhre førskulebarn og barnefamiliar med på ei filosofisk og eventyrleg reise på jakt etter visdom. På ferda fekk borna høyre mytar og eventyr, dei fekk undre seg, tenkje høgt og snakke om både store og små tema med utgangspunkt i historiene. I 2010 sette dei opp prosjektet for førskulebarn på Tou Scene i Stavanger med støtte frå Kulturbyfondet i Stavanger og Tou Scene. Etter den tid har prosjektet blitt sett opp fleire stader i Stavanger, og no i haust var det Sandnes og Randaberg sin tur.

Prosjektet i haust var støtta av Norsk kulturråd, Sandnes kulturhus og Randaberg kommune. Gjennom ei reise til Edderkoppskogen, via Solslottet og til Hulen under havet, skal borna bli flinkare til å reflektere og uttrykke seg kreativt i samspel med vaksne og andre barn. I prosjektet er ein innom tema som kjærleik, sanning og løgn, forandring og forvandling.

– Er forteljarkunsten på veg bort?

– Mykje av den naturlege biten av det er langt på veg det. Når me var på ferie før, hadde me  ei forteljing å vise fram då me kom heim, no har me allereie fortalt ho digitalt med bilete og litt tekst. Det er blitt den nye forteljinga. Det som ein derimot ser ein vekst i, er at ein får fleire profesjonelle forteljarar som driv med dette som fag.

– Me i Austrått barnehage opplevde filosofi og forteljing- opplegget som ei flott og minnerik oppleving for barn og vaksne. Barna blei møtt med undring og fekk vere med å undre seg sjølve. Vaksne blei  i forkant informert om kva filosofi for barn var og korleis me kunne vere delaktige. Omskapinga  av romma, stemningen, fargane og effektane gjorde dette til ei heilt magisk stund, fortel pedagogisk leiar Elisabeth Selvig.

 
—————————————
Tips til barnehagar:
–    Skap ei munnleg forteljing med utgangspunkt i ei skriven historie.
–    Vel ei kort historie du likar
–    Les ho eit par-tre gonger
–    Legg vekk teksten og gjenfortel historia høgt for deg sjølv med dine eigne ord. Fortel ho høgt fleire gonger, heilt til du kan ho godt.
–    Sjå i historia om du får idear til korleis barna kan vere med på å gjere til dømes rørsler og lydar. At barna får delta på denne konkrete måten, inkluderer dei på ein god måte, meiner eg.
–    Fortel historia for nokre få barn i ei spontan forteljarstund. Borna sine reaksjonar på historia kan gje gode idear du kan bruke når du skal jobbe vidare med ho.
–    Når du har øvd deg og testa ut historia, er ho klar for storsamlinga. Her er nokre forslag til korleis du kan skape ro før forteljinga startar: tenn stearinlys, bruk ei meditasjonsklokke som start og slutt for forteljinga, eventyrregle som start og slutt på forteljinga, trekk ein eventyrskatt frå forteljinga opp av ei kiste, ein hatt eller koffert.

Lik Framtida.no på Facebook: