I Frøysland barnehage gjeld løvelova. Ho seier blant anna barnet skal vere seg sjølv, men gje plass til andre, slik at dei også blir seg sjølv.

Løvelova og den fargerike løvebamsen, som barnehagen brukar i all form for sosialt samspel og konfliktløysing, er henta frå programmet Være Sammen. Det er forfattar, salmediktar og kulturarbeidar Eyvind Skeie som utvikla opplegget, som starta opp i 2010. Han engasjerte vidare Torhild Roland Vetvik til å leie arbeidet, der meininga er å gje barnehagane ein solid plattform som viser korleis samspelet mellom vaksne og born bør vere.

– Det er ikkje noko revolusjonerande i dette programmet. Dette handlar først og fremst om å auke kompetansen om dei grunnleggande verdiane i barnehagen. Det er viktig at opplegget er eit kompetanseløft for alle tilsette i barnehagen, og at det er laga materiell for både borna og foreldra, seier Vetvik.

Å setje grenser
Være Sammen fokuserer på den autoritative vaksenrolla, der den vaksne set klare grenser og ikkje blir ettergivande eller forsømmande. I tillegg set dei søkjelyset på det medverkande barnet, empatiutvikling og sosial kompetanse. Være Sammen er ikkje eit program i tradisjonell forstand, men handlar om implementering av grunnleggjande haldningar i barnehagen.

Målet er at barnehagen skal arbeide på eit systemnivå samstundes som dei aukar kompetansen hjå kvar enkelt tilsett, noko som gjev barnehagen ein felles pedagogisk plattform. Senter for åtferdsforsking har stått for den faglege tilrettelegginga av kompetanseløftet og er evaluert av Universitetet i Agder. Kunnskapsdepartementet var også inne med støtte til programmet, slik at ein kunne starte opp eit pilotprosjekt med utvalde barnehagar.

– Dette er eit enkelt opplegg som er mogleg å realisere i ein travel kvardag. Dei tilsette får eit felles språk dei kan nytte i sosiale samanhengar med borna, og ein felles plattform å arbeide ut ifrå. For oss er det viktig at dette ikkje er eit prosjekt. Dette har ingen sluttdato, dette er noko barnehagane må ta med seg vidare i kvardagen, meiner Vetvik.

Basis i kvardagen
Styrar i Frøysland barnehage, Inger-Lise H. Askildsen, meiner løvelova og resten av opplegget i Være Sammen er viktig for samspelet mellom borna og dei vaksne. Frøysland barnehage var ein av barnehagane som fekk vere med i pilotprosjektet, og fekk dermed vere med på å sy programmet saman.

– Me sakna eit program som kunne liggje i botn av alle fagområde; om det var matte, språk eller fysisk aktivitet. Det er viktig med relasjonar og kommunikasjon i alle aktivitetar. For oss fungerer programmet slik at det gjev oss ein basis i pedagogikken, me kallar oss sjølve for ein løvebarnehage, seier Askildsen.

Ho forklarer at programmet ikkje vil stoppe opp, men vere i stadig utvikling i barnehagen. Ofte tek dei opp att tema dei allereie har vore gjennom, eller det kjem nye tilsette som treng ei innføring. Programmet legg dessutan til rette for at dei tilsette skal få tid til å utvikle eigarskap til programmet før det blir introdusert for born og foreldre.

Løvelova gjeld
Hjå Frøysland barnehage er løvebamsen og løvelova ein heilt naturleg del av kvardagen.

– Me ser at borna løyser konfliktar med å vise til løva. Slik ville løva ha gjort det, seier dei. Eller løva får lova  til å vere med i spesielle situasjonar og leikar. Borna viser til at løvelova seier at dei skal dele og tenkje på andre.
Innhaldet i programmet er også synleg i dramatiseringar, formgjevingstimar og utstillingar som borna lagar. Kort fortalt er løva og programmet til stades i alle ledd i barnehagen, meiner Askildsen.

– Kva for nokre barnehagar passar opplegget for?

– Eg meiner dette er noko alle barnehagar kan ha nytte av. Som sagt er ikkje temaa revolusjonerande, men det er godt å få sett det heile i system og få sett ord på kva som påverkar relasjonane mellom oss.

– Mitt tips er at ein tek seg god tid med opplegget, og ikkje tenkjer at ein skal klare det på eit år, seier Inger-Lise H. Askildsen.

 

Lik Framtida.no på Facebook: