Gråtass barnehage lærer om vatn og geometri i friluft, og utvekslar så erfaringar med barnehagar i sju andre europeiske land.
Sidan hausten 2012 har heile barnehagen vore engasjert i det europeiske Comenius-prosjektet Science + Maths + Outdoor Learning fortel Kjetil Fremstad, avdelingsleiar i barnehagen i Fredrikstad. 

 

Gråtass barnehage har om lag førti tilsette som jobbar med nærare to hundre born, og i prosjektet samarbeider dei med barnehagar og førskular frå Italia, Estland, Belgia, Spania, Sverige, Danmark og Tyrkia. Målet er å utvikla kunnskap om korleis aktivitetar ute kan auka interessa for matte og naturvitskap. Prosjektet skal munna ut i både e-bok og film om vatn og geometriske figurar.

– Det handlar om å dela erfaringar og få ei auka forståing for andre måtar å gjera ting på. Men det er også ei bevisstgjering av det me allereie gjer. Matte og naturvitskap finst jo i rammeplanen vår, og det internasjonale samarbeidet blir implementert i kvardagen. 

Fremstad ser likevel at deltakinga fører til nye aktivitetar.

Aukar kvaliteten

I den norske barnehagen har blant anna minusgrader og vinter blitt brukt til å eksperimentera med.

– Me undrar oss saman med borna. Så langt har me blant anna farga vatn, laga is og ikkje minst laga snø ved å kasta kokande vatn opp i lufta. Me har også sett på geometriske former i naturen. Det gjeld å ta på dei rette brillene. Så ser ein plutseleg at me er omgitt av symmetri i stein, tre, lys-opningar, bark og kongler, til dømes, seier Fremstad.

Samarbeidet inneber dessutan at barnehagane skal jobba med det same temaet samtidig.

– Eit eksempel er planen for mars, då me skal ha om speil og skal vera ute. Denne dagen skal alle barnehagane starta på likt tidspunkt. Me filmar og tek bilete undervegs. Så vil me dela erfaringar og sjå kor ulikt me tenker.

Jo meir input og lærdom dei tilsette får, jo meir aukar kvaliteten på barnehageaktivitetane, understrekar den pedagogiske leiaren.

Løfta blikket

Det var styrar Christina Andersson som fekk barnehagen med i det europeiske samarbeidet.

– Me lever i eit fleirkulturelt miljø og reiser ut i verda av mange ulike grunnar. Då er det viktig å løfta blikket og sjå utover vårt eige samfunn. Dessutan er me fleirkulturelle både blant born og vaksne i barnehagen vår. Å auka forståinga og toleransen for kvarandre er sentralt.

Til no har samarbeidet ført til studieturar til Gøteborg, Jylland, Madrid og Leuwen i Nederland. I januar møtest deltakarane i Parma i Italia, og før sommaren skal dei også vitja Tyrkia og Estland.

– Korleis går det når folk frå åtte ganske ulike land skal samarbeida, blant anna om å laga felles e-bok og film?

– Det hadde jo vore utfordrande også om det var åtte norske barnehagar som skulle samarbeida. Skal det gå bra, må me bli kjende med kvarandre. Studieturane er både arbeidsturar og sosiale treff. I tillegg samarbeider me digitalt. Heldigvis er det superhyggelege folk, men to år er i kortaste laget for eit så stort prosjekt, meiner Fremstad.

Nyansert diskusjon

– Reint personleg har deltakinga rokka ved verdiane mine, og slik er det også med dei verdiane me jobbar etter i barnehagen; me får meir nyanserte diskusjonar med kjennskap til andre kulturar, påpeiker Fremstad.

– Korleis får alle tilsette i ein så stor barnehage eigarskap til prosjektet?

– Fem av åtte ulike avdelingar i barnehagen er med i prosjektgruppa. Når nokon har vore på studietur til eit partnarland, deler dei erfaringane med dei andre tilsette. Me skriv dessutan om aktivitetane på ein eigen blogg.

I tillegg er kosebamsen Reisefot med på studieturane, og fortel deretter borna kvar han har vore.

Også styrar Christina Andersson understrekar kor viktig det er at alle partar i barnehagen får ta del i det som skjer i og under prosjektet.

– Då blir det lettare å bruka kunnskapen i det daglege arbeidet med borna.

Leik og læring

Om norske barnehagar allereie leikar mykje utandørs samanlikna med andre land, er det andre erfaringar å ta med seg heim.

– Til dømes ser me at barnehagen i Madrid har lite uteareal, noko som fører til mindre kroppslege utfordringar for borna. Til gjengjeld utnyttar dei budsjetta sine godt, og dei er kreative i bruken av materiale som eigentleg ikkje er leiker, fortel Fremstad.

– Den belgiske barnehagen har meir skule, mindre frileik, og har éin lærar og assistent fordelt på 25 born mellom tre og fem år. Då er det å koma seg ut eit mål i seg sjølv.

Fremstad synest det verkar som om borna har større respekt for tinga rundt seg, i fleire av samarbeidslanda enn det norske born har.

– Noko eg også har lagt merke til, er samspelet mellom lærar og born. Dei fleste tilsette er utdanna lærarar og har eit enormt nærvær når dei snakkar med borna. 

No skal Kjetil Fremstad og dei andre i barnehagen tenka på korleis dei kan bruka e-boka og filmen til å inspirera andre barnehagar. Kanskje kan fleire born bli interesserte i matte på eit tidleg tidspunkt – kan dette vera barnehagen sitt bidrag til å på sikt utdanna fleire ettertrakta ingeniørar?

 

– Både styraren og prosjektgruppa har lyst til å fortsetja med internasjonalt arbeid. Då drar me med oss partnarar me no er blitt kjende med. Dessutan har eg verkeleg oppdaga Europa gjennom dette prosjektet – kanskje eg kan dra på utplassering?

 Les om korleis du kan søke støtte gjennom Erasmus+ til denne typen prosjekt:

 

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: