Barn har stor glede av å leike med språk, prøve det ut og vri og vende på det. Variasjon og skilnadar i språklege uttrykk stimulerer til språkleg refleksjon og medvit.

«Ho Britt seier mjølk, og ho Kari seier mjelk, men eg, eg seier melk», seier Thea på 5 år. I barnehagen hennar har samtale om språk og ulike talemåtar vore ein naturleg del av barnehagekvardagen. Barn i 5-6 årsalderen viser stor interesse for ord. Dei snakkar om kva ord betyr, og reflekterer over at ord vert sagde på ulike måtar, slik som Thea. 

 

I barnehagen er det ofte eit språkmiljø med vaksne og barn med ulike dialekter og ulike språk. Eit slik mangfaldig språkmiljø gjev eit godt utgangspunkt for å snakke om språk og å gi barna erfaringar med ulike språklege uttrykk på både bokmål og nynorsk. Barn erfarer at ord vert uttalte på ulike måtar og likevel betyr det same.

Møte med eit rikt og mangfaldig språk stimulerer barn si språkutvikling. Språkstimulering er ein av dei viktige oppgåvene til barnehagen, og barna skal møte og vere ein del av eit rikt og variert språkmiljø der. Språkrettleiinga Språk i barnehagen – mye mer enn bare prat understrekar den viktige rolla dei vaksne har som språkmodellar i samtalar med barn. «En dag i barnehagen består av utallige hverdagssituasjoner der barna kan bruke språket aktivt, og et godt språkstimulerende miljø er preget av at personalet bruker språket i samspill med barna hele dagen. De voksnes innsats er viktig, og de er språkmodeller for barna».

Barn er nysgjerrige på det som er litt annleis, det som merker seg ut. Det er mange ord å reflektere over dersom barna møter dei og dei vaksne reflekterer i lag med barna. Her ligg det mange moglegheiter. Å ha to språk eller dialekter som ein kan samanlikna med, er ein ressurs i denne samanhengen. Samtal med barn i 5-6 årsalderen om språkbruk og språkleg variasjon.  Barn har mange erfaringar med språkleg variasjon og har nytte av eit vokabular som uttrykkjer denne variasjonen.  Å reflektere rundt språket stimulerer språkleg medvit. Barn si interesse for ord og dialektuttrykk er ei kjelde til gode språksamtalar. 

 

Liv Kristin Bjørlykke Øvereng er rådgjevar ved Nynorsksenteret

 

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: