Dei nasjonale sentera til Utdanningsdirektoratet har laga inspirerande filmar om heilskapleg læring.

 

– Me har laga desse filmane for å fremje heilskapleg læring og inspirere barnehagetilsette til å ta i bruk ressursar som sentera har for barnehagen. Dei nasjonale sentera har kvar sine fagområde og ein viktig del av sentera sin jobb er å hjelpe barnehagane i å stimulere og utvikle det pedagogiske arbeidet. Gjennom filmane håpar vi å kunne gjere dei nasjonale sentera meir kjende i barnehagesektoren, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng ved Nynorsksenteret.

Kva kan barnehagane få ut av å jobbe meir med heilskapleg læring?

– Det handlar om å sjå læringspotensialet i kvardagssituasjonane. Ein treng ikkje nødvendigvis eigne opplegg for å jobbe med kvart enkelt fagområde, men sjå det i ein heilskap, og slik legge til rette for læring i dei aktivitetane ein gjer.

– Kva skal til for å jobbe med heilskapleg læring?

– Vaksne som ser situasjonen og ser potensialet for læring. Dei vaksne treng kunnskap om barnet og barnet si utvikling og kunnskap om dei ulike fagområda for å kunne legge til rette for læring både spontant og gjennom planlagde aktivitetar. På sentera sine nettsider kan ein få kunnskap om dei ulike fagområda.

– Har du nokre gode døme på heilskapleg læring?
– Sjå til dømes Egget – språkstimulering i barnehagen, der språkstimulering er ein sentral del av aktivitetane borna er med på, og ulike fagområde er representert.

– Korleis har de jobba saman med barnehagar for å lage desse opplegga?
– Dei ulike sentera har samarbeid med barnehagar som har arbeidd med deira fagområde og slik har dei i lag utarbeida gode praksisdøme og tips til aktivitetar i barnehagen. Denne filmen er laga i samarbeid med ein barnehage, der vi i lag har kome fram til kva for situasjonar som kunne eigne seg for filming.

Filmane finn du på Barnehagefilm.no!

Lik Framtida.no på Facebook: