Jens Haugan har nettopp kome med barnebok, men tvilar på at felles kosetid med ungane blir med eit nettbrett.
Jens Haugan, dosent ved Høgskolen i Innlandet
Jens Haugan, dosent ved Høgskolen i Innlandet

Eg har nettopp fått gjeve ut eit barnebok for dei minste, «No kan du sove, vesle gut», som eg laga saman med biletkunstnaren Bente-Linn Bergene Huseby. Boka er rimeleg tradisjonell sidan det er fine fargar og kontrastar og relativt lite tekst. Men i tillegg er teksten også ein song. Bak i boka finn ein notane og grepa til songen. Elles er teksten på nynorsk, og det er kanskje ikkje så «tradisjonelt» – i alle fall ikkje på Austlandet. Det er nok av historier å høyre frå bokhandlarane – i alle fall her på Austlandet – som fortel at folk ikkje kjøper barnebøker på nynorsk. Men no er eitt poeng med denne boka nettopp at ho skal vere på nynorsk. Ho skal vere eit tilbod i det store havet av bokmålslitteratur, og ho er meint å vere eit relativt lett og greitt tilbod til dei som eventuelt vil «utsetje» ungane for nynorsk eller «sidemålet» tidleg i barndommen. På eitt eller anna vis må det vel vere mogleg å få folk til å skjønne at nynorsk ikkje er noko vanskelegare eller mindre naturleg på barnerommet enn bokmål.

For å gjere det enda lettare for foreldre og barnehagetilsette valde eg å spele inn songen og lage ein liten YouTube-video der eg også har brukt bileta frå boka. Det er jo ikkje alle som les notar, så no kan ein lære seg songen ved å høyre han på nettet. Men forlaget var litt skeptisk til dette og meinte at ein jo ikkje trong å kjøpe boka, no når meir eller mindre heile boka låg på nettet. Men då er spørsmålet: Kor realistisk er det at nokon vil bruke nettbrett eller PC i staden for ei tradisjonell bok når ein skal ha kosetid saman med ungen eller ungane? Nettbrettet er på god veg til å finne sin faste plass i samfunnet, men kan det erstatte den viktige, personlege tida ein har saman med barna like før dei sovnar? Neppe. Ungane kan bruke nettet for å lære seg songen, og for å få ekstra motivasjon til å høyre og eventuelt lese nynorsk, men det vil nok alltid vere den nære omsorgspersonen som bør ha oppgåva med å lese eller syngje før ungen eller ungane skal sove. Dette kan ein ikkje overlate til nettet, og det er ikkje ei oppgåve eg ønskjer ta ifrå foreldra eller barnehagepersonalet. Eg ville berre lage nokon pedagogiske ressursar som ein kan bruke på ulike måtar.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 21.28