mm

– Det er viktig folkeopplysing at den samiske kulturen er ein del av Noreg, seier Màre Helander, dagleg leiar i Samisk barnehage i Oslo.

Màre Helander fortel meir enn gjerne om korleis norske barnehagar kan formidla den samiske kulturen.

– Ein fin inngang til å fortelja om den samiske kulturen, kan vera å feira 6. februar – ungane forstår det med bursdagar. Då kan ein fortelja at det bursdagen til fire folk, til samane i Russland, Sverige, Finland og Noreg, fortel Màre Helander.

– Norske barnehagar kan laga bursdagskrone med teksten, Lihkku beivviin Sàpmi. Det går òg an å visa flagget og fortelja litt om symbolikken i dette, føreslår ho.

Koftekart

Màre Helander veit at fleire norske barnehagar lærer seg samiske songar. Mange av dei finn ein på nettet. I barnehagen hennar har dei òg kurs i joik, og dei syng Gea mu gàvttis (Se min kjole) og BURES BOAHTIN, ein velkommen-joik som dei har laga.

– Det går òg an å fortelja litt om Elsa Laula, og korleis samesaka byrja med eit politisk møte 6. februar 1917 i Trondheim.

Ho tenkjer òg det er bra å visa fram koftekartet, og visa kvar dei ulike koftene høyrer heime. Då kan ein visa at samane snakkar tre språk som er veldig forskjellige frå kvarandre, lulesamisk, sørsamisk og nordsamisk.

Seinare i vår kjem det ein samisk snakkepakke som vil vera eit bra verktøy òg for norske barnehagar.

Samisk mat

Ein fin måte å bli kjent med nye kulturar er gjennom maten. Màre Helander føreslår at ungane kan få vera med på å laga bidus, ein lapskaus med reinkjøt.

Samisk høgskole har laga ein app med mange samiske oppskrifter til Android-telefonar. Det er òg mogleg å finna mange oppskrifter på nettet.

I Samisk barnehage i Oslo får dei levert eit reinsdyr frå Røros om hausten som dei parterer og saltar. Ungane er med på heile prosessen. Når dei har om jakt, så får dei ei rype til barnehagen og dei fortel om korleis dei kan laga mat av ho.

Ungane lærer om knivbruk og om dei ulike delane i ein lavvo.

Sjamanisme

I læreplanen for 1.-4.klasse står det at elevane skal lære om samisk kultur og levemåte fram til kristninga av samane. I rammeplanen for barnehagane står det at alle barnehagar skal arbeida for at alle barn får kjennskap til at samane er Noregs urfolk og får høyra samiske forteljingar, sagn og andre deler av samisk kultur og kvardagsliv.

Màre Helander fortel om trekk ved sjamanismen for borna.

– Eg fortel om det underjordiske: at det kanskje kan bu nokon under den steinen der. Men det er viktig at det skjer i ein trygg setting, og fortelja at det kanskje finst nokon som passar på oss.

– Me takkar òg for å bruka bålplassen, avsluttar Màre Helander.

Under kan du sjå årstidshjulet som dei bruker i den samiske barnehagen i Oslo:

—————–

Årstidshjulet

De 8 samiske årstidene

For DenSamiske Barnehagen Cizàš i Oslo
 

Dálvi / Vinter: Desember/januar

 

Advent/Jul

–        Juleverksted

–        Julefortellinger

–        Samisk manaid-tv juleserier

–        Besøke Sofienberg kirke

–        Julesanger både på samisk og norsk

Bli kjent med vinteren

–        Utforske snø og is

–        Gjennom historier og sanger

–        Lage is skulpturer og snø skulpturer, evt en snøhest

Slutten på mørketiden

–        Fortelle hva sola er og hva den gjør for oss?

–        Synge Beaivvas lavlla (solsangen)

–        Fortelle historien om Beaiveneida (soljenta)

–        Ha en solfest i barnehagen

 

Giđđa-Dálvi / Senvinter: Februar/ mars.

Fortsette å bli kjent med vinteren.

Samefolkets dag den 6.februar:

–        Ulike samiske drakttyper

–        Tegne/male det samiske flagget

–        Gi barna kjennskap til hvorfor vi feirer Samefolkets Dag

–        Gi barna kjennskap til at samer bor i fire ulike land

–        Lassokasting

–        Tenne bål i lavvo og spise soavasbiergu (røykakjøtt)

–        Gi barna kjennskap til de ulike samiske mattradisjonene

–        Barneversjonen av Sámi soga lávlla

–        Synge Gea mu gávttis (se min kofte)

Isfiske

–        Bli kjent med ulike ferskvannsfisk

–        Båltilvenning, la barna være med å tenne bål og gi de kjennskap til hvordan opptre i nærheten

–        Knivspikking under veiledning

Karneval/fastelavn

–        Feire karneval

Beassážžat/Påske

–        Påskeverksted

–        Gi barna innblikk i hvorfor vi feirer påske, også sett fra et samisk perspektiv

–        Synge Gii lea sivdnidan og Beaissas lihku moras sihku

Giđđa / Vår: april

Våre husdyr

–        Lamming

–        Miesse mearkun (merking av reinkalver)

–        sanger som er knyttet til det, som go vuolggan duoddarii (miessi), bææ bææ labbazan (lam), Gusa vuordin (kalv)

–        Eventyr som kan fortelles, finnes i boka Ahkku muital munnje, EALLIT s. 16

Såing

–         Besøke Botanisk hage på Tøyen

17. mai

–       Tegne / male det norske flagget

–       Fortelle historien bak 17. mai

–       Lære Ja vi Elsker

–       Tog

–       Sekkeløp

Giđđageassi / Forsomme: mai

Bondegårds besøk

–        Kampen barnebondegård

Fugleliv og dyr i skogen

–        Turer til Sognsvann og Ulsrud

Blomster og vekster

–        La barna så sine egne blomster, og følge de opp utover våren

–        Gi barna kjennskap til ulike blomsterarter i nærmiljøet

–        Besøke Botanisk hage

 

Geassi / Sommer: juni/juli

Livet i fjæra

–        Plukke skjell

–        Undre oss over det vi finner i vannkanten

Båtur til Bygdøy

–        Besøke museum

–        Tur til Paradisbukta

–        Utflukt til Kongsgården

Fiske

–        Bli kjent med både saltvanns- og ferskvannsfisk

Čakčageassi / Tidlig høst: august

Tilvenning

–        Bli kjent og trygg i barnehagen

Brannvern

–        Besøke  brannstasjonen i sentrum

–        Synge Brannmann Sam- sangen

–        Lære barna om nødetatene

–        Samlingsstund sammen med barna for å demonstrere brann, og hvordan man slokker den

Hva vi kan høste av naturen:

–        Plukke bær, blåbær, tyttebær

–        Tur til Maridalen for å høste sennagress, og fortelle hva det brukes til. Vi lager fletter av sennagresset sammen med barna, og pynter avdelingen

 

Čakča / Høst: september/ oktober

Fuglevandring

–        Tur til Østensjøvannet

–        Fortelle om hvorfor de fleste fugleartene vandrer sørover

Bli kjent med ulike tresorter i nærmiljøet

–        Lage kunst av løv og kvister

Skábma / Senhøst: November.

Mørketid

–        Trafikkopplæring og politibesøk

–        Duoddji (samisk håndtverk)

–        Fortelle om mørketiden (skabma)

Slaktetid;

–        Barna får oppleve partering av rein

–        Tilberedning av råvarer, tradisjonell samisk mat

–        Røyking av reinkjøtt i lavvoen

Museums besøkstid

–        Reptilparken

–        Teknisk museum

–        Folkemuseet /Holmenkollen museet, samisk avdeling

Oppdatert: onsdag 6. februar 2019 12.28

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar