Organisert leik med ord og bokstavar i barnehagen gjer det lettare for ungar å lære seg å lese. Det viser ein studie med 105 norske femåringar.
Pedagogane kallar det «oppdagande skriving». Og for barn som ikkje kan lese enno, er det gåtefulle skriftspråket ei oppdagingsferd verdig.
I eit ti veker langt eksperiment utforska femåringane bokstavar og lydar som på mystisk vis kan bli ord og meldingar som andre kan lese.
Femåringane i dei utvalde barnehagane dreiv med oppdagande skriving fire dagar i veka, i økter på 20 minutt. I byrjinga var det studentar som leidde aktivitetane. Seinare tok barnehagen sine eigne pedagogar over.
Ei typisk økt kunne handle om å teikne noko ein er glad i – ein livrett eller ein yndlingsleik – og prøve å skrive ved sidan av kva teikninga viste. Ein annan variant var å lage handleliste med både teikningar og ord. Ein dag skreiv ungane hugselapp til dei vaksne heime – kanskje om å ta med vottar i barnehagen. Ein annan dag gjekk dei på jakt etter logoar i barnehagen og kopierte dei ned på eit ark. Dei øvde sjølvsagt på sitt eige namn, og mot slutten avanserte dei til å skrive eit lite postkort til ein kompis.
Handlar om å stimulere
– Oppdagande skriving ser ut til å vere eit nyttig pedagogisk verktøy i barnehagen, seier stipendiat Hilde Hofslundsengen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho har nyleg publiserte funna sine i tidsskriftet Reading and Writing.
Forskaren understrekar at oppdagande skriving er noko heilt anna enn opplæring i å skrive.
– Barnehagen si oppgåve er å stimulere og leggje til rette for eksperimentering. Det er først på skulen ein gir systematisk opplæring og rettar på ord.
Dette skiljet var synleg i korleis dei vaksne handterte femåringane sitt skriveri. Femåringar skriv både baklengs og spegelvendt. Dei hoppar over bokstavar og stavar orda feil. Men skilnaden mellom barnehage og skule ligg i at ingen tok fram raudpennen for å korrigere. Dei vaksne si rolle var snarare å spørje kva ungen hadde skrive. Så føydde dei til ordet med korrekt staving utan å kommentere barnet sin versjon.
– Slik får den vaksne fram barnet sin bodskap og fungerer som ein modell i skriving, seier Hofslundsengen.
Forsprang på skulen
For forskaren låg spenninga i kva som ville skje når dei 105 vart elevar i første klasse. Ungane hadde delteke i testar både før og etter dei ti vekene med oppdagande skriving. Neste steg var å vurdere kor langt dei var komne i å lære seg å lese og skrive etter nokre månader på skulen.
Hofslundsengen samanlikna prestasjonane til førsteklassingane med prestasjonane til kontrollgruppa, som hadde følgt vanleg pedagogiske opplegg for femåringar i barnehagen. Samanlikninga viste at å nærme seg språket gjennom oppdagande skriving, hadde gitt ungane eit målbart forsprang.
– Vi fann ein medium effekt på skriving og på fonologisk medvit, som er å kjenne att lydar i ord. Dessutan kunne vi sjå ein viss effekt på evna til å lese nye, ukjende ord, seier Hofslundsengen.
Både pedagogar og lærarar var begeistra over å få delta i eksperimentet.
– Eg har snakka med lærarar som fekk ungane i første klasse, og dei hadde merka forskjell på ungane som hadde hatt oppdagande skriving, seier Hofslundsengen.
Spesielt veleigna for norsk språk?
Det norske språket har ganske godt samsvar mellom uttale og skrivemåte. Finsk er aller mest lydrett, medan engelsk det minst lydrette språket i Europa.
– Det kan godt hende at oppdagande skriving er spesielt veleigna for barn som snakkar norsk ettersom det vi seier ligg så tett opp til det vi skriv, seier Hofslundsengen.
Eit anna norsk særtrekk som gjer oppdagande skriving relevant for oss, er den seine skulestarten vår.
– For ikkje å snakke om at over 90 prosent av norske ungar går i barnehagen, som gjer at det finst eit stort potensial for å nå nesten alle med slike aktivitetar, seier Hofslundsengen.
Lite formell opplæring
Slik vi har lagt opp løpet her til lands, får ungane i aldersgruppa fire til seks år mykje god omsorg, men lite formell opplæring. Motstykket er land som Storbritannia, der du startar på skulen alt hausten etter at du har fylt fire år.
I rammeplanen, som omtalar det barnehagane skal gjere for ungane, står det at ein skal «la barna møte symbol som bokstavar og siffer i daglege samanhengar». Dei vaksne skal òg «støtte barna når dei tek initiativ til å telje, sortere, lese, leikeskrive eller diktere tekst».
– Måten rammeplanen har lagt dette opp på, fungerer fint for ungane som sjølv tek initiativ. Men kva med resten, spør Hofslundsengen.
LES OGSÅ: Nytt opplegg: fiskar bokstavar i barnehagen
– Handlar om å stimulere ei interesse
Mange fryktar at Noreg skal gå i britisk retning, med stadig tidlegare skulestart, men Hofslundsengen er ikkje ute etter å skyve skulen nedover i barnehagen. Samtidig har forskinga motivert ho til å auke kunnskapen blant barnehagelærarar om korleis ungane kan få utforske skriving.
– Eg har møtt mange pedagogar som har lyst til å støtte ungane i dette, men som ikkje veit korleis dei skal gå fram. Eg håpar fleire barnehagar prøver ut oppdagande skriving. Det handlar om å stimulere ei interesse som ungane alt har.
Først publisert på Forskning.no.
Referanse:
Hilde Hofslundsengen, Bente Eriksen Hagtvet, Jan-Eric Gustafsson. Immediate and delayed effects of invented writing intervention in preschool. Reading and Writing s. 1-23, 2016, DOI: 10.1007/s11145-016-9646-8.