Utdanningsnivået til personalet i barnehagen har mykje å seie for korleis barnehagekvardagen blir. Nok pedagogar er svært viktig for å få gjennomført og planlagt alt det usynlege arbeidet i barnehagen, seier Liv Ingrid Aske Håberg.

 

Flat struktur eller hierarki i barnehagen?

Håberg kjem i si doktoravhandling fram til at hierarkiet i barnehagen ikkje er så flatt som det kan sjå ut når foreldra kjem for å hente ungane ein tysdag ettermiddag. Barnehagen blir ofte framstilt som ein organisasjon med flat struktur der barnehagelærarar og assistentar i stor grad utfører same type arbeidsoppgåver.

Håberg disputerte ved Institutt for pedagogikk på Universitetet i Oslo i juni 2015 og avhandlinga er no omarbeidt og utgitt som boka «Kvardagslivets didaktikk i barnehagen». Ho fortel at som utanforståande kan ein kome inn i barnehagen, sjå personale i arbeid med praktiske oppgåver og med barna, og ikkje vite om det er ein barnehagelærar eller ein assistent som blir observert.

No viser doktorgradsarbeidet til Liv Ingrid Aske Håberg at det kan vere større grad av ulikskap mellom barnehagelærarar og assistentar enn ein tidlegare har gått ut frå.

– Observasjon av det ytre, synlege arbeidet som personalet utfører kan gi inntrykk av at barnehagen som organisasjon er antihierarkisk og egalitær i tydinga at den er prega av likskap og jamstelling.

Samlingsstund og femårsklubb

Håberg har undersøkt korleis barnehagelærarar og assistentar planlegg, gjennomfører og vurderer to typar vaksenleia aktivitetar; samlingsstund og femårsklubb.

Håberg har intervjua og observert fem assistentar og tre barnehagelærarar som arbeider i to ulike barnehagar.

Barnehagen er på linje med skulen ein pedagogisk institusjon med ansvar for barns utvikling og læring. Pedagogisk arbeid er prega av å vere ein tredelt prosess i form av planlegging, gjennomføring og vurdering.

Planlegging er usynleg arbeid

– Planlegging er ei form for usynleg arbeid som må gjerast før ein aktivitet tek til, seier Håberg og viser at her finn ein stor grad av ulikskap mellom yrkesgruppene.

Også når det gjeld å planlegge innhaldet i barnehagen finn Håberg stor grad av ulikskap mellom assistentar og barnehagelærarar. 

Årsplan og periodeplanar med temaarbeid blir av barnehagelærarane delt opp til konkret innhald som barna skal møte dag for dag. Til dømes legg ein av barnehagelærarane kvar veke fram bøker som skal lesast for barna, og songkort med songar som det skal øvast på i denne perioden.

Ein av assistentane i studien fortel at ho liker dette systemet fordi:

«Barnehagelæraren lagar vekeplanen og legg opp opplegget og finn bøkene og sånn… Så det er jo veldig greitt og enkelt, ein får liksom det ferdige opplegget».

Barnehagelærarane har overblikket

Håberg finn at assistentane har ansvar for å førebu seg til eit dagsaktuelt innhald som er planlagt av barnehagelærarar, medan barnehagelærarar har ansvar for både organisatorisk planlegging og langvarig og dagsaktuell planlegging. Det betyr at barnehagelærarane har oppgåver som assistentane aldri har.

– Barnehagelærarane har det store overblikket og skaper rammer for verksemda, medan assistentar i større grad gjer det dei blir sette til, seier Håberg.

Håberg peikar på at planleggingsarbeid  generelt er lite undersøkt i barnehageforsking sjølv om barnehagen som organisasjon er heilt avhengig av dette usynlege arbeidet.

Liv Ingrid Aske Håberg har skrive bok om kvardagslivets didaktikk i barnehagen. No er ho tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Foto: Aina Rødal / Universitetet i Oslo

Les heile saka på UiO sine nettsider!

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar