Meiner strenge reglar og straff er med på å gjera barnet mindre verdt.

 

– Det er gammaldags å kommandera barn til å flytta pult, ta timeout i ein skammekrok eller gå på gangen, seier Lisbeth Ljosdal Skreland, førstelektor og forskar ved Universitetet i Agder (UiA), til Forskning.no.

Skreland, som sjølv har arbeidd 18 år i barnehage, disputerer i desse dagar med ei doktoravhandling om reglar i barnehagen. Avhandlinga byggjer både på feltobservasjonar i barnehagar og intervju med 13 barnehagelærarar og 30 barn i alderen 3-5 år.

Barnehageforskaren meiner det er viktig å ha reglar som skaper tryggleik og sikrar godt samarbeid. Ho kritiserer derimot barnehagane for å ha for mange reglar og meiner mange av dei er til for dei vaksne.

– Mange av reglane i barnehagane er først og fremst til for å letta kvardagen til dei vaksne, men nokre av reglane er også forankra i viktige verdiar, til dømes at ein har ansvar for barn som ikkje er eins eigne, seier ho til Forskning.no.

Skreland har samstundes stor tru på at barnehagane utviklar seg i rett retning og fortel at ho i arbeidet sitt har møtt mange barnehagelærarar som er flinke til å møta barna med varme og kjærleik også når dei snakkar om grensesetjing.

Lik Framtida.no på Facebook: