Elevane på Vennersberg skole på Kongsvinger er blitt ekstra glade i nynorsk.

 

– Eg tenkjer at når elevane møter nynorsk tidleg av lærarar som har ei positiv haldning til nynorsk, og før nokon har sagt til dei at det er noko vanskeleg eller rart med nynorsk, så vil dei ha eit ope og positivt sinn. Det er spennande å utforska begge skriftspråka våre. Dei som er fleirspråklege har jo i tillegg sitt eige morsmål å samanlikna med.

Dette seier Elin Heggelund Ljungquist (bildet), lærar for fjerde trinn på Vennersberg skole på Kongsvinger.

Spennande språksamtalar

I vår jobba klassen hennar med «No kan du sove, vesle gut» av Jens Haugan for å gjera timane med nynorsk ekstra kjekke.

– Eg las boka høgt for elevane først, så fekk dei sjå tekst og bilete på lystavle. Den første dagen studerte vi òg teksten saman og skreiv opp alle dei nynorske orda som var litt forskjellig enn slik dei er på bokmål (kring 25 ord). Vi såg òg på YouTube og lærde oss songen til Jens Haugan. Boka hans er ein godnattsong, med illustrasjonar av Bente-Linn Bergene Huseby.

Den andre dagen byrja klassen å studera enkelte ord til dømes ordet EG.

– Eg skreiv ordet på tavla og elevane fekk seia ordet på alle dialektar og språk dei kunna og eg skreiv dei opp (eg, eg, æ, e, ja, yo, ich, I, jag osb), fortel Elin Heggelund Ljungquist.

– Dette var så spennande! Vi hamna til og med heilt tilbake til gammalnorsk EK. Ek og eg er jo ganske likt, kanskje ikkje j-en burde ha vore der? Men j-en er jo der på bosnisk. Kvifor er det slik? Er språka i slekt? Sånn heldt vi på å undra oss saman og hadde gode dialogar om språk.

Variert undervising

Klassen hadde høgtlesing i kor den andre dagen.

– Dei kunne teksta utanåt fordi vi hadde sunge ho. Då opplevde alle elevane mestring, sjølv dei som ikkje var så gode til å lesa, fortel Elin Heggelund Ljungquist.

Den tredje dagen fekk elevane diskutera boka i grupper. Dei diskuterte bokmål, nynorsk og dialektar. Dei skreiv ned dei nynorske orda og pynta arkene sine.

– Eg filma samtalane deira. Det blei ganske imponerande språksamtalar.

Den fjerde og femte dagen fekk dei teikna og måla. Elevane lét seg inspirera av illustrasjonane til Bente-Linn Bergene Huseby.

– Vi skreiv forresten òg avskrift frå boka på data og i finskriftbøkene. Og vi spelte gitar og song songen i musikktimane.

Slik skildrar ungane korleis det har vore å jobba med boka:

Slutt på nynorsk-«ertinga»

Elin Heggelund Ljungquist har jobba Vennersberg skole i seks år, og eg glad for ta med nynorsk i norsktimane.

– No har kollegaene mine nesten slutta «å erta» meg for at eg tek norskfaget på alvor, smiler ho.

No har dei byrja å spørja ho ut om nynorsk.

– Eg fekk alle kollegaene på trinnet mitt med meg, og vi jobba med nynorsk i alle fag heile veka på 3.trinn. Matematikklærar brukte nynorskversjonen av matteboka på nett òg.

Seinare i dette skuleåret skal dei setja opp skodespel på nynorsk på 4.trinn.

Tidlegare i år heldt ho foredrag om prosjektet på Høgskolen i Hedmark. Ho har òg vore på Språkteigen og det er blitt laga YouTubefilm av prosjektet vårt.

– Så no synst nokon av kollegaene mine at dette er litt stas. Rektor er kjempepositiv, seier Elin Heggelund Ljungquist.

LES OGSÅ: Nynorsk nattasong på nettbrett?

Oppdatert: laurdag 15. september 2018 17.17

Lik Framtida.no på Facebook: