Sveinung Rotevatn og Peder Lofnes Hauge vil ha Venstre med på nynorskløft.
mm

Denne helga skal landstyret i Venstre innstille på nytt partiprogram.

Stortingspresentant for Venstre Sveinung Rotevatn og styremedlem i Noregs Mållag og politisk rådgjevar for byrådet i Bergen, Peder Lofnes Hauge kjem med fleire forslag til korleis nynorsken kan bli styrkja.

Dei ønskjer meir og tidlegare start med sidemålsopplæring i skulen.

– Eg er overtydd om at tidlegare start med sidemålsopplæring er vegen å gå. Det er absurd å byrje opplæringa midt i puberteten. Yngre elevar er langt meir mottakelege for språkinnlæring, og tidlegare start vil truleg styrke kompetansen og bygge ned fordommar, seier Lofnes Hauge til Framtida.no.

Bøker på nynorsk i barnehagane
Rotevatn og Lofnes Hauge vil at barnehagane skal få bøker og lydbøker på nynorsk, og at elevar i bokmålsområder skal få møte nynorsk i andre fag enn norsk.

– Korleis tenkjer de å sikre at alle barnehagar skal få bøker og lydbøker på nynorsk?

– Det kan vere ulike vegar til ei slik målsetting, men vil nok krevje ei øyremerka nasjonal satsing. Så kan ein vurdere på sikt om ein skal gjere det til eit krav i samband med tildeling av barnehagetilskot i kommunane. Det viktigaste er at barnehageborn får møte også nynorsk litteratur, seier Peder Lofnes Hauge.

Nynorsk i lærarutdanningane

Rotevatn og Lofnes Hauge ønskjer seg meir språkmektige lærarar og at elevane skal få møte meir nynorsk, både i skulekvardagen og i samfunnet elles.

– Lærarutdanningane må sørgje for kompetente språklærarar, og studentane må bli rusta til å undervise i og på både nynorsk og bokmål, både fordi elevane fortener språkmektige lærarar, men og fordi lærarar skal kunne ta seg jobb i heile landet, seier Peder Lofnes Hauge.

– Vi vil at norske elevar skal få møte meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar, både i barnehagen, på skulen, i aviser og på internett, seier Sveinung Rotevatn.

Landsmøtet til Venstre er i Ålesund 31. mars.

Noregs Mållag har sett opp fem punkt som dei utfordrar partia på før Stortingsvalet.

– Dei nye framlegga til Venstre er gode, og tar tak i fleire av desse punkta me har sett opp seier Marit Tennø, politisk rådgjevar i Mållaget.

LES OGSÅ: Venstre vil ha nynorskløft i budsjettet

Dette føreslår Sveinung Rotevatn og Peder Lofnes Hauge:

– Tidlegare start med sidemålsopplæring
– At nynorskdidaktikk skal styrkast i lærarutdanninga
– At elevar i bokmålsområder skal få møte nynorsk i andre fag enn berre norsk
– At alle barnehagar skal få bøker og lydbøker på nynorsk
– At NRK skal bruke minst 25 prosent nynorsk på alle sine plattformer (I dag er kravet «verbalinnslag).
– At det framleis skal vere ein eigen sidemålskarakter i vidaregåande skule

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.42

Lik Framtida.no på Facebook: