Nynorsksenteret og Noregs Mållag er skuffa. Statssekretær Magnus Thue seier nynorsk som skriftspråk ikkje er ein del av arbeidet til barnehagane.
mm

Måndag denne veka la kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fram den nye rammeplanen for barnehagane som blir gjeldande frå hausten.

– Me er veldig skuffa over at rammeplanen ikkje sikra retten for ungar i nynorskområde til faktisk å møte språket sitt i barnehagen, seier Magne Aasbrenn (bildet), leiar i Noregs Mållag.

Mållaget bad i høyringsrunden om at rammeplanen måtte ta omsyn til dei særskilde utfordringane ungar i nynorskområde har med å lære eit mindre brukt språk.

– Treng å høyre meir av språket sitt
Også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og fleire andre etterlyste ei understreking av at språkstimulering i barnehagane må gå føre seg på det språket ungane skal lære i skulen.

– Som framtidige elevar av eit mindre brukt språk treng dei å sjå, lese og høyre meir av språket sitt rundt seg. Det dei treng, er meir språkstimulering på nynorsk, seier Magne Aasbrenn.

I den nye rammeplanen finst alt ei rekkje formuleringar om samiske born sin rett til å møta samisk i barnehagen. Det viser at språkregulering i barnehagen er mogleg og naudsynt, legg han til.

Ei spørjeundersøking av LNK, Framtida.no og Pirion før jul viste at fleirtalet av barnehagane i nynorskområde både syng og les oftare på bokmål enn nynorsk.

Fleire formuleringar kan brukast
Torgeir Dimmen, leiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seier til Pirion at han er skuffa over at det ikkje er vist i rammeplanen at det finst to variantar av norsk.

– Det blir brukt omgrepet «språkformer», som me er usikre på om tyder «målformer» eller noko anna, seier Dimmen, og legg til at Nynorsksenteret tok til orde for å bruka det meir etablerte omgrepet «målformer», som viser til nynorsk og bokmål.

Han seier det likevel er fleire formuleringar i rammeplanen som kan brukast for å sikra at borna blir førebudde på skriftspråket dei skal læra i skulen.

– Nynorsk er ikkje ein del av arbeidet til barnehagen
Statssekretær Magnus Thue (H) (bildet) svarer dette på kritikken:

– Den nye rammeplanen nemner verken nynorsk,  bokmål eller dialektar spesifikt. Teksten omtalar norsk som jo omfattar både nynorsk og bokmål. Nynorsk er dessutan eit skriftspråk, og er ikkje ein del av arbeidet til barnehagen, skriv han i ein epost.

– I den nye rammeplanen blir omgrepet «språkformer» brukt. Kva er meint med dette?

– I fagområdet Kommunikasjon, språk og tekst står det at barna skal møte ulike språk, språkformer og dialektar gjennom blant anna rim, regler, songar og litteratur. Språkform tyder språknormal, målform eller språkleg utforming.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.31

Lik Framtida.no på Facebook: