mm

Sveio kommune er først i Noreg med å arrangera kurs i nynorsk for foreldre.

 

På Vikse skule, kring 15 minuttar frå Haugesund sentrum, står Petter Steen Jr. og ønskjer alle foreldra velkommen.

– Då vil eg nytta høvet til å ønskja velkommen til dette nynorskkurset på Vikse skule. Her skal me snakka om korleis ein kan vera gode foreldre i ein nynorskkommune. Eg håpar det kjem mange spørsmål, seier han.

Ein far rekker opp ei hand:

– Kva betyr «å nytta høvet»?

– Det betyr å «benytte anledningen», svarer Steen.

Først i Noreg
Sveio kommune ligg nord for Haugesund, og tar i mot mange tilflyttarar. Det utfordrar språket i nynorskkommunen. Petter Steen Jr. er tidlegare lærar og Haugesundordførar. No er han prosjektansvarleg for eit språkprosjekt i skulane i Sveio.

Sveio kommune er éin av 55 språkkommunar. Desse kommunane er pilotkommunar i Språkløyper, regjeringa sin nye lese- og skrivestrategi.

Vikse skule er først ut med nynorskkurset som går over to ettermiddagar. No vurderer kommunen å utvida kurstilbodet for foreldre i heile kommunen.

(saka held fram under bildet!)

Cato og Silje Ekrene får gode nynorsktips frå kurshaldar Petter Steen jr. (t.h.).

Vil følgja opp ungane sine

Cato og Silje Ekrene kjem begge frå Haugesund, og hadde bokmål då dei gjekk på skulen.  No har dei éin gut på 2.trinn og éin på 6.trinn. Til neste år begynner dottera deira på skulen.

– Eg er på kurset for å kunna følgja opp ungane, og for å forstå bøkene deira. Me bur i ein nynorskkommune no, og då må me læra oss nynorsk, slår Silje Ekrene fast.

– Det er fantastisk å vera på nynorskkurs. Eg håpar me lærer mange tips til korleis me kan læra ungane nynorsk, seier Cato, og seier han snakkar bokmål. På ungdomsskulen sleit han med nynorsk, og synest mange ord er vanskelege.

– Ungane våre snakkar meir nynorsk. Dei seier «heim», mens me seier «hjem».

– Men du seier vel ikkje «ikke»?

– Det er sant, ler han.

(saka held fram under bildet!)

Rektor på Vikse skule, Solveig Skattkjær, viser fleire nye bøker på nynorsk til Cato Ekrene og Jan Eirik Klingsheim (i midten).

 «Klokkardansk» og nokre vanskelege ord

Bak kateteret seier Petter Steen jr. at dialekten i Sveio og i Haugesund ligg veldig nært moderne nynorsk, men at enkelte i Haugesund enno snakkar ein litt forfina utgåve, påverka av det han kallar «klokkardansk» – dansk uttalt på ein norsk måte.

– Dere kjenner alle de som snakker pent i Haugesund, hermar Steen.

Han fortel om norsk språkhistorie, om då Noreg kom i union med Danmark og då skriftlærde som døydde under Svartedauden. Han fortel om Ivar Aasen og Knud Knudsen, om landsmålet som blei nynorsk, og riksmålet som blei bokmål.

– Det var taktisk dumt å kalla det landsmål. Mange oppfatta at landsmål var for dei som budde på landet, og ikkje for heile landet, slik det var meint å vera, meiner Steen.

Han meiner òg at gamle skulebøker og lærarar som ikkje var interessert i nynorsk har øydelagt for nynorsken.

– Då eg sjølv gjekk på Haraldsvang i 8.klasse, så blei eg lært opp i nynorsk som eit framandspråk, seier Steen, og fortel kva det stod i eine boka hans:

«Jordyta brigdar seg utan stogg». Dei færraste skjønar kva det betyr. På moderne nynorsk vil ein kort og godt skriva: «Jordskorpa utvidar seg utan stopp».

Viktig å lesa nynorsk

– «Verdas viktigaste bok» er ei veldig god bok som fortel det meste unge lurer på om pubertet, kropp og følelsar, seier Petter Steen jr. på nynorskkurset.
– «Verdas viktigaste bok» er ei veldig god bok som fortel det meste unge lurer på om pubertet, kropp og følelsar, seier Petter Steen jr. på nynorskkurset.
Petter Steen jr. seier det er viktig å støtta borna og ungane som har nynorsk på skulen.

– Viss ungane får lesa gode og moderne tekstar som dei forstår, så blir dei gode og trygge nynorskbrukarar, understrekar han.

Han håpar foreldra vil støtta borna i å lesa minst 20 minuttar kvar dag.

Mållaget: – Fantastisk

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, har ikkje høyrt om liknande nynorskkurs for foreldre før.

– Det er eit fantastisk og veldig positivt tilbod, seier han, understrekar at foreldra er viktige for å støtta borna sine og forklara kvifor det er viktig å læra seg nynorsk.

Han meiner slike kurs er særleg viktige i tilflyttingsområde rundt byar, der mange tilflytta foreldre har vakse opp som bokmålsbrukarar.

LES OGSÅ om språkarbeidet i barnehagane i Sveio kommune!

SPRÅKFAKTA

I skuleåret 2016/2017 var det 76 549 elevar i grunnskulen som hadde nynorsk som opplæringsmål, ein liten auke frå året før. 547 511 elevar hadde bokmål.

I Hordaland er 30 av 33 kommunar nynorskkommunar. Tre kommunar er nøytrale.

I Rogaland er 11 av 26 kommunar nynorskkommunar. Tre er bokmålskommunar, medan 12 er nøytrale.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.15

Lik Framtida.no på Facebook: