mm

Journalist og forfattar Hanna Norberg har skrive om historia til foreininga og om utviklinga på litteratur- og formidlingsfeltet gjennom to tiår.

 

Foreningen !les feirar 20 år med ein jubileumspublikasjon.

Hanna Norberg har snakka med alle leiarane i Foreningen !les, frå Mads Nygaard, som var den første prosjektleiaren i 1997, til Silje Tretvoll som starta som ny leiar i mai 2017.

Publikasjonen gjev eit godt innblikk i Foreningen !les arbeidet sitt og kva som har skjedd med lesing og litteraturpolitikk dei siste 20 åra.

– Foreningen !les har alltid kjempa for egenverdien av å lesa og for å sørgja for tilgjengelighet av litteratur og gode formidlingsmetoder, seier dagleg leiar Silje Tretvoll.

– Publikasjonen vi no utgjev er interessant lesing på fleire nivå. Her får ein innblikk i korleis bokbransjen tok ansvar og etablerte Aksjon leselyst, forløparen til Foreningen !les i ei tid då lesinga ikkje stod så sterkt i Noreg. Vidare kan ein lesa om der essensielt politisk vilje er for å kunna gjennomføra store visjonar og om korleis synet på lesing har endra seg.

Foreningen !les vart etablert i 1997 under namnet Aksjon leselyst.

Ei prosjektgruppe med ulike aktørar frå bokbransjen tok initiativ til å starta arbeidet med ein leselystkampanje. Gruppa vart leia av Åse Kleveland. Tjue år seinare har foreininga etablert seg som ein av Noregs fremste formidlarar av litteratur til ulike målgrupper, spesielt til barn og ungdom.

Noregs eldste og største leseaksjon i ungdomsskulen, tXt-aksjonen, har i løpet av to tiår runda eit samla opplag på 2 070 000 eksemplar.

Foreningen !les vart nyleg nominert til den største barnelitteraturprisen i verda, Astrid Lindgren Memorial Award (ALMA) 2018 for tredje gong. Tidlegare i år mottok Foreningen !les bokbransjens heiderspris, Gullegget.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.17

Lik Framtida.no på Facebook: