Intervju med Kari Stai – festivalforfattar under Falturiltu.
Salman Chaudhry, Kristoffer Øyehaug og Ingvald Espeland
Salman Chaudhry, Kristoffer Øyehaug og Ingvald Espeland

– Du er både illustratør og forfattar. Er dette noko alltid har hatt lyst å bli?

– Eg har alltid hatt lyst å teikna i alle fall. Det var kanskje hovudaktiviteten min då eg var liten. Det var på ungdomsskulen eg begynte å tenke «finst det ein jobb der ein får lov å teikne?». Eg begynte å gå på ein kunstskule først, men det var etter at eg begynte å jobbe med andre illustratørar som laga bildebøker og då gjekk det meir til både bilde og tekst.

Kari Stai i samtale på Falturiltu-seminaret. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Om du måtte valt ein favoritt blant bøkene dine, kva for ein ville det vore?

– Som eg har skrive sjølv? Oi, det var et godt spørsmål. Eg må nok svara den første Jakob og Neikob-boka og den femte boka om dei, Jakob og Neikob og Alle Andre.

– Kvifor likar du dei så godt?

– Den første er liksom den opprinnelege og litt meir absurd enn dei andre. Det likar eg, og den femte hadde eg ein veldig god ide på, så det er derfor eg likar den.

LES OGSÅ: Ny Jakob og Neikob-bok: Viser livsvisdom for alle

– Kva inspirerte deg til å skriva Jakob og Neikob?

– Det har eg lurt litt på sjølv. Det som gjorde at eg fekk ideen var jo ein ide med namnet Jakob. Eg tenkte «jaaakob og neeeeikob», så desse namna var ein ide til to motsetningar.

Tysdag var det fest i kunsthallen på Stord Kulturhus. Kari Stai si barnebok «Jakob og Neikob» feira 10 år og Samlaget sitt 150 årsjubileum vart òg feira. Foto: Salman Chaudhry, Kristoffer Øyehaug og Ingvald Espeland

– Kva er det som gjer at du stadig kan skriva nye bøker om desse to figurane?

– Eg likar å leite etter nye idear, og det jobbar eg ganske mykje med. Det er jo to år mellom kvar bok, så det går ikkje rasande fort sjølv om det berre er 32 sider i bøkene, hehe, men eg liker det er mogleg å jobbe med same motiv på mange måtar, det likar eg. No tenkjer eg jo kanskje å ta in ein ny figur som heiter «tjakob» men det har ikkje losna heilt enno.

Kari Stai på besøk i India. Foto: privat

– For fire år sidan var du i India og presenterte «Jakob og Neikob» til indiske barn. Korleis tok dei det imot i forhold til norske barn?

– Jo, det var så fint å sjå for det var stort sett veldig likt. Barn er barn, men noko forskjellig var at dei indiske barna var meir takknemlege. Dei har jo forskjellig bakgrunn så når eg kom til skulane deira og viste «Jakob og Neikob» så var dei veldig takknemlege.

LES OGSÅ: Brennaktuell Jakob og Neikob-bok

– Korleis følest det at Falturiltu inviterte deg til bursdagsfeiring for Samlaget?

Forfattar og medarrangør Anna Folkestad serverte Jako og Neikob-kake. Foto: Salman Chaudhry, Kristoffer Øyehaug og Ingvald Espeland

– Det føles veldig stort og ærefullt. Eg er veldig glad i forlaget mitt, og det er jo mange som er glad i Samlaget. Det er eit solid samlag med veldig fine redaktørar og fine folk som jobbar der. Flinke forfattarar, og nynorsken er jo fin, da. No er jo eg frå Trøndelag så det er ikkje så mykje nynorsk der, men ja, det er jo veldig stas da, å få vere med i år.

– I den nyaste boka «Jakob og Neikob og naboen» møtar Jakob og Neikob Eldrid, som er den nye naboen. Ho er litt som eit symbol på framandfrykt. Dette kan tolkast som ei sterk politisk meining, men høyrer dette heime i ei barnebok?

– Ja, eg synest det meste høyrer heime i ei barnebok. Alt høyrer heime i ei barnebok av viktige tema, og å vere med å sjå på det saman med barnet.

Kari Stai signerte fleire bøker i Falturiltu-bokhandelen. Foto: Salman Chaudhry, Kristoffer Øyehaug og Ingvald Espeland

– Det med Eldrid synest eg var heilt naturleg å ta inn. Jakob er jo raud i ansiktet og Neikob er blå, så dette universet er jo absurd. Eldrid har jo svarte, gule og oransje fargar fordi ho er branndame. For meg var dette symbolsk tenkt. Namnet «Eldrid» passar jo med «Eld» så det er mykje symbolsk tankegang her. Eg har fått kritikk fordi ho ikkje har eit veldig utanlandsk namn, men eg likar det. Det er symbolsk.

 

Oppdatert: måndag 12. november 2018 17.23

Lik Framtida.no på Facebook: