Lærarar kan ikkje lenger unngå å synge med elevane, skriv Gunhild Aadland Rolfsnes, høgskolelektor i musikk ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord.
Gunhild Aadland Rolfsnes
Gunhild Aadland Rolfsnes

Våren 2017 skreiv Framtida.no og Pirion om song i skulen. Elevar syng mindre enn før, og at song i ny overordna del av læreplan ikkje vart nemnt med eitt ord. I høyringsrunden til ny overordna del meldte mellom anna Høgskolen på Vestlandet sitt fagmiljø inn dette som ein stor svakheit. Den overordna delen av læreplanen, den nye grunnlova for skulen, vart fastsett 1. september 2017. Song står ikkje der.

Etter «skolenes songdag» den 4. mai, framhevar Utdanningsnytt problematikken fram igjen, og det vert hevda at song er svekka i skulen. Eg trur det er både sant og ikkje sant. Syngende Skole har gjort ein stor innsats for å auke bruk av song i skulekvardagen dei siste åra. Veldig mange skular er opptekne av å bruke song på dagleg basis med elevane. Men eg er enig med Solveig Salthammer Kolaas frå Nord Universitet i at song og estetiske fag bør inn som ein obligatorisk del av lærarutdanningane.

For det er ikkje berre musikklærarar som må kunne synge med elevane.  

Song i læreplanen og song i skulen 

Framtida.no og Pirion gjorde i 2017 ei undersøking der det viser seg at berre kring halvparten av norske barneskuleelevar syng kvar dag. Dei fleste kan første verset på «Ja, vi elsker», men svært få kan fleire vers. Undersøkinga viste også at elevar ikkje berre syng for lite, dei får også liten variasjon i songrepertoar. Det er personavhengig og dermed tilfeldig om elevane syng som ein naturleg del av skulekvardagen, og kva songar dei syng.

I tillegg er song no teken ut av overordna læreplan. Men det er ikkje berre ordet song som er borte. Også musikk, kunst og handverk, ja, eigentleg alle konkretiseringar av fag, type aktivitetar, eller fagområde.

Det har vore mykje baluba det siste året i samband med utviklinga av ny læreplan der ordet song ikkje er nemnt ein einaste gong. Men ordet song er nemnt to gonger i noverande generell del av læreplan, så vi må ikkje overdrive plassen songen har hatt i opplæringa med LK06.

Songens plass i skulen har sidan Mønsterplanen 1985 vore opp til den enkelte skule og den enkelte lærar. Historisk sett har song blitt mindre og mindre synleg som ein fagovergripande aktivitet, og blitt lagt til musikkfaget.

Songens plass i skulen har sidan Mønsterplanen 1985 vore opp til den enkelte skule og den enkelte lærar.

Den store vekta på fagspesialisering i lærarutdanninga har igjen ført til at berre dei lærarstudentane som vel musikk som fag, får opplæring i song og songmetodikk. Fokuset på basisfaga i grunnskulen gjer igjen at færre studentar enn før vel musikk. Får dei valet mellom musikk, norsk og matte eitt semester – så vel dei norsk eller matte. Det er ikkje så rart. Kan det sterke basisfagfokuset vere noko av grunnen til at elevar syng mindre i skulen no enn før? Sjølvsagt.

6. september 2017, under opninga av Kulturtanken, poengterte Torbjørn Røe Isaksen at dei praktisk-estetiske fagmiljøa i skulen er svake, og at regjeringa ynskjer å styrke desse faga. Som musikklærar må eg sjølvsagt seie meg eining i at det er viktig å ha kompetanse i det faget ein skal undervise i. Men nokre område innanfor dei praktisk-estetiske faga bør vere ein del av alle lærarar sin totale kompetanse. Som å kunne lære elevane ein song, og synge saman med dei kvar dag. Det er det mange tungtvegande grunnar for.  

Synet på song har endra seg

Synet kva song er, og kven som «har lov» til å uttrykke seg gjennom song, har endra seg mykje dei siste tiåra, og heng saman med den teknologiske utviklinga. Songen har vore ekstremt viktig i norsk historie – både som «akkompagnement» til kvardagslege hendingar og gjeremål, utvikling av vår identitet som nasjon, og i utdanningsløp frå barn til vaksen.

Dagens born veks opp med fokus på talent, evne til å stå på ein scene, kunne briljere og prestere framfor eit publikum. Sjølvsagt er det viktig at dei som har interesse og ferdigheiter skal få høve til å dyrke dei og kunne vise det fram for andre. Men dette er ikkje den einaste sida ved song, og i skulen er det song forstått som fellessong, klassesong eller allsong som treng å styrkast.

LES OGSÅ: – Syng lyst og sakte for å få med borna

Med rett til å synge

Alle har faktisk ein medfødt rett til å bruke og uttrykke seg musikalsk med si eiga stemme – både åleine og i fellesskap med andre. Å unngå å synge i skulen er å ta frå borna denne retten. Her finst det mykje forsking å støtte seg på. Syngende skole, som er ein del av den nasjonale satsinga Krafttak for sang, gjer allereie eit stort arbeid for å endre haldningar til song og bruk av song i klasserommet. Dei baserer satsinga si på prosjektet Sing Up! i England, som mellom 2007 og  2012 nådde 98 prosent av dei engelske skulane. I denne perioden målte dei at bruk av song kvar dag i skulane fekk positiv effekt når det gjaldt barnas sjølvkjensle og sosial tilhøyrsle. Ein har i annan forsking funne at song har positiv innverknad på sosiale relasjonar, emosjonell utvikling, tilhørighet og trygge læringsmiljø. Og for å lære så treng elevar å kjenne seg inkludert, trygge, akseptert.

Alle har faktisk ein medfødt rett til å bruke og uttrykke seg musikalsk med si eiga stemme – både åleine og i fellesskap med andre.

Å bruke song i alle fag fremjer språkleg kompetanse, kognitiv kompetanse og fagspesifikk læring. Songen gjev også store helsemessige fordelar, både mentalt og fysisk. Folkehelseinstituttet sine nettsider formidlar i Folkehelserapporten (oppdatert 2015) at ein til einkvar tid reknar med at 15-20 prosent av barn og unge mellom 3 og 18 år har nedsatt funksjon på grunn av psykiske plager som angst, depresjon og atferdsproblem . Den kvardagen barna våre veks opp i er omskiftande, prega av stort mangfald, høg grad av kompleksitet og hurtige endringar (NOU2015: 8) og her kan song få ein nøkkelfunksjon.  

Ein unik sjanse

Dette er forsking som viser at songen må forankrast i skulen igjen. Lærarar kan ikkje lenger unngå å synge med elevane, sjølv om dei ikkje er trygge, eller dei ikkje likar si eiga stemme, eller dei kanskje ein gong har fått høyre at dei ikkje har songstemme. Fordi songen handlar om meir enn underhaldning og estetikk. Det er snakk om meir enn musikk.

Song gjev unike høve til livsviktige uttrykk, fellesskapskjensle, kulturell forståing, snarvegar til kunnskap og språklæring, psykisk og fysisk helse, sosial og emosjonell kompetanse, inkludering og mangfald i skulekvardagen. Kulturforståing vert i ny overordna del av læreplanen framheva som stadig viktigare i ei tid der verda knytast tettare saman, og befolkninga vert meir og meir samansett. Elevar i alle aldrar treng songen, sjølv dei som ikkje likar å synge.  

Song gjev unike høve til livsviktige uttrykk, fellesskapskjensle, kulturell forståing…

LES OGSÅ: Dagen startar best med song

Gje framtidas lærarar ei stemme 

Saman med fornyinga av læreplanar i faga, vert den overordna delen av læreplanen styrande for korleis vi i Noreg utdannar lærarar framover. I januar 2016 bevilga regjeringa 30 millionar til vidareutdanning av lærarar i praktisk-estetiske fag. (Utdanningsnytt.no, jan 2017). Flott! Men dette vil ikkje hjelpe for meir song i skulekvardagen på sikt. For sjølv om den overordna delen av læreplanen framleis gjev godt belegg for å styrke songen i skulen, så trengst det ein tydelegare konkretisering i læreplanen utover musikkfaget dersom det skal skje noko på lang sikt, og bruken av song ikkje skal bli så tilfeldig som det er no.

Saka er den at utdanning av lærarar heng saman med utforming av læreplan for grunnskulen. Det skal difor mykje til – og det er også her særs personavhengig – om studentane på tvers av fagval og trinnfordjuping skal få lære seg å synge med elevane.

Alle framtidige lærarar må få høve til å kunne ta i bruk song, fordi den står i ein særstilling.

Alle framtidige lærarar må få høve til å kunne ta i bruk song, fordi den står i ein særstilling. Song og songmetodikk må difor integrerast både på 1-7 og 5-10-fordjupinga i lærarutdanninga, uavhengig av fagval. Studentane må få erfare sjølv, og samtidig bli trygge nok til å bruke eiga songstemme slik at dei kan vere med og bidra til at både dei sjølv og deira elevar får tilgang til fordelane med å synge. Det er viktig.  

LES OGSÅ: Song er like viktig for helsa som kosthald og trening

Oppdatert: sundag 2. desember 2018 14.14

Lik Framtida.no på Facebook: