Pirion Aktuelt Dei færraste skular har skulehagar – men no aukar interessa
– Eg synest det er gøy å plante, og sjå plantene vekse, seier Sebastian Kärtstedt (10). Saman med Aliza Butt (10) og Amelia Asar Chadnry (11). Foto: Christian Wiik Gjerde

Dei færraste skular har skulehagar – men no aukar interessa

Berre ti kommunar i Noreg seier dei har skular med sin eigen skulehage der elevane kan dyrka mat til skulekjøkkenet. Men no melder Norsk Skolehagelag om aukande interesse.
Christian Wiik Gjerde og Svein Olav B. Langåker
Christian Wiik Gjerde og Svein Olav B. Langåker
Kommunar med skulehagar
  • Aurskog-Høland
  • Bergen
  • Fredrikstad
  • Gloppen
  • Grimstad
  • Høylandet
  • Oslo
  • Seljord
  • Stavanger
  • Tingvoll

Alle kommunane er spurt, og 200 kommunar har svart på undersøkinga til Framtida.no. Har kommunen din skulehage, men ikkje på lista? Send oss beskjed på svein @ framtida.no!

LES FAKTALUKK FAKTA

Rustad skole i Oslo kommune er ein av dei heldige som har sin eigen skulehage.

– Den grøne fargen gjer meg glad, seier Fredrik og kikar ut over skulehagen. – Det er godt å kome hit og høyre vinden.

Skulehagen hjelper elevane å bli kjent med naturen. Gjennom leik og læring får dei kunnskap om alt frå næringsrik mat, økologisk og kortreist mat, jordvern og rettferdig berekraft.

Frå nedgang til aukande interesse

Frå starten av 1900-talet og utover i etterkrigstida blei det oppretta mange skulehagar i landet. Alle lærarar fekk opplæring i hagebruk. Men frå 70-talet og fram mot 90-talet, blei det slutt på mange skulehagar. No er det berre dei færraste skular og kommunar som har skulehagar.

Ifølgje ei undersøking Framtida.no har sendt ut til rådmenn og klimaansvarleg i alle kommunar, er det berre ti kommunar som svarar at dei har skulehagar. Litt under halvparten av kommunane har svara.

Men noko er i ferd med å skje.

Kirsty McKinnon er leiar av Norsk Skolehagelag. Foto: Guro Barstad

– Eg opplever ein auka interesse for skulehagar. Fleire ønskjer rettleiing, og fleire vurderer å starta skulehagar, seier Kirsty McKinnon, leiar i Norsk Skolehagelag.

Ho jobbar òg med skulehagar som rådgjevar ved Norsk senter for økologisk landbruk i Tingvoll.

– Det er fleire barnehagar som ser at dei har rom å gjera dette i kvardagen sin. Men sjølv om skulane har mange kompetansemål dei blir målte på, så går det fint an å knyta skulehagar til mange av kompetansemåla i skulen, understrekar ho.

– Kva skal til for å få fleire skulehagar?

– Politikarane må setja av pengar til det, og skulane bør setja seg inn i verdien av å ha ein skulehage. Skulehagen er ein glimrande stad å jobba tverrfagleg.

– Grunnleggande dugleik

Rekning, lesing, skriving og digitale og munnlege dugleikar er dei grunnleggande dugleikane i skulen. Kirsty McKinnon meiner å dyrka planter også burde vera ein grunnleggande dugleik.

– Alle barn bør ha tilgang på levande planter, og dyrking av dei bør konkretiserast i læreplanane.

I forslaget til ny læreplan i mat og helse heiter det at elevane skal «utnytte lokale matressursar i matlaging og presentere alle ledda i produksjonskjeda frå råvare til ferdig matvare».

Les også saka: – Unge manglar kunnskap om sunn livsstil

Gøy å sjå plantene vekse

5. trinn hjå Rustad skole har sine eigne bedd, og ein kan sjå at små, grøne stilkar veks opp frå molda.

– Vi dyrkar forskjellige ting. Klassa mi har planta grønkål, seier Amelia.

– Nokre dyrkar poteter, sukkererter, graskar og andre ting, seier Sebastian.

– I fjor når vi planta graskar, var det nokon som fekk squash, seier Amelia.

Les også reportasjen om det som kan verte ein viktig del av framtidas matproduksjon: Her blir fiskebæsj til grønsaker – utan utslepp

Lærer på ein annan måte

Å flytte klasserommet ut er noko alle synest er ekstra moro.

Plantene må ha vatn: Victor Arstad Dalbakk (10) og Fredrik Halland (10) steller med plantene.

– Eg synest det er gøy å plante, og sjå plantene vekse, seier Sebastian.

– Når ein får dyrke sin eigen mat lærer ein på ein annan måte om plantane og alt som hører med, fortel Victor.

Skulehagen skal vere med på å auke interessa for mat og naturen. Når ein får vere med heilt frå starten set ein ekstra pris på maten.

– Når pappa lagar lefser, og eg får vere med å hjelpe han, smakar det ekstra godt. Slik er det med maten vi dyrkar også. Det er kjekt å vere med å hjelpe til i skulehagen for då smakar det ekstra godt, seier Fredrik.

Les også: – Vi skal ha det artig mens me reddar verda

Ser fram til innhaustinga

Etter sommarferien skal dei hauste inn alt dei har sådd. Det ser dei fram til.

– Alle på skulen får ete det vi har dyrka. Då lagar vi mat på skulekjøkkenet, fortel Sebastian.

– Burde fleire skular fått dette tilbodet?

– Fleire skular burde hatt skulehage, for det er fint å kome seg ut i naturen, seier Aliza.

– Ja, og så får kanskje nokon lyst til å prøve å dyrke sin eigen mat heime også, seier Amelia.

Oppdatert: fredag 21. juni 2019 20.45

Lik Framtida.no på Facebook: