Borna byrja å synga heilt spontant då dei fekk klatra på Ivar Aasen-statua i Ørsta sentrum.
mm

– Når ungane har frileik, så høyrer me dei ofte synga om Ivar Aasen. Ivar Aasen er midt mellom oss, seier Eldrid Dahle Svoren, pedagogisk leiar i Barnas vel barnehage i Ørsta.

Nordmannen og andre songar av Ivar Aasen er populære. Men dei siste åra har songen «Ivar Aasen er ein travel mann» slått an.

– Den høyrer me ofte på, og borna syng med, fortel Eldrid Dahle Svoren.

Stolte ørstingar

Pirion har tidlegare skrive om den lokale rammeplanen til Ørstabarnehagane som legg stor vekt på at borna skal lesast for på nynorsk og at borna også kan synga seg inn i nynorsken. Eldrid Dahle Svoren fortel at Barnas Vel barnehage legg vekt på å styrkja borna si identitetskjensle til naturen og kulturen i bygda dei veks opp i.

– Borna skal bli stolte over kulturarven vår. Dei veks opp i heimkommunen til Ivar Aasen, og det er derfor både naturleg og viktig at dei verte kjend med kven han var og det arbeidet han gjorde.

LES OGSÅ: Ny lokal rammeplan: – Alle Ørsta-born skal lesast for på nynorsk kvar dag

LES OGSÅ: – Me har eit valdsamt stort ansvar for nynorsk i barnehagane

– Rørt

Låtskrivaren av «Ivar Aasen er ein travel mann» er Jens Haugan, musikar og dosent på lærarutdanninga på Høgskulen i Innlandet.

– At songen skulle bli sungen i ein barnehage er svært rørande. Det hadde eg absolutt ikkje rekna med! Og det å sjå songen bli sungen av barnehageungar attmed sjølve Ivar Aasen-statuen i Ørsta, er vel ei av dei største gåvene eg kunne ha fått. Det er verkeleg stort! skriv han i ein epost til Pirion.

Songen skreiv han til 200-årsjubileet til Ivar Aasen i 2013.

– Eg hadde vel også ein visjon om at Ivar Aasen kunne få ein eigen song som var knytt personleg til han i større grad enn Nordmannen, og at denne songen kanskje kunne bli ein ny standardsong i målrørsla, og at den i større grad også ville appellera til yngre personar.

Har slått an

Det viste seg at songen slo an i visse miljø, og den første versjonen av songen har blitt høyrt over 15.000 gonger på YouTube.

– Ein gong var det ein tiandeklassing i Drangedal som ville spele den på skoleavsluttinga fordi «alle» elska denne songen. Det var jo sjølvsagt litt kult. Sånn sett har vel songen bidrege litt til at nynorsken har blitt mindre «farleg» for enkelte, seier Jens Haugan.

LES OGSÅ: Her er dei mest populære songane i barnehagane

Versjon 1 av songen:

Versjon 4 av songen:

 

Oppdatert: tysdag 24. september 2019 10.05