Professor Kari Holdhus ved Høgskulen på Vestlandet meiner strategien for praktiske og estetiske fag berre blir ei samling gode ønskje når regjeringa ikkje set krav til kommunane.
mm

Professor Kari Holdhus ved Høgskulen på Vestlandet meiner strategien for praktiske og estetiske fag berre blir ei samling gode ønskje når regjeringa ikkje set krav til kommunane.

– Dei praktisk-estetiske faga er utsett for 30 års systematisk svekking, meiner Kari Holdhus, professor ved Høgskulen på Vestlandet.

Ho er ikkje imponert over strategien som regjeringa la fram tidlegare i haust. Denne har som mål å styrka dei praktiske og estetiske faga og arbeidsformene i barnehage, skule og lærarutdanninga.

– Naivt

I ein debatt på Høgskulen på Vestlandet på Stord sist veke la Kari Holdhus fram sine vurderingar av strategien.

Holdhus meiner det er naivt av regjeringa å tru at kommunane skal setja krav til fagkompetanse i praktisk-estetiske fag, utan at dei får krav om dette frå sentralt hald og utan at det blir lagt opp til at elevane skal ta eksamen i faga.

Ho er positiv til ein eigen pott til vidareutdanning innan praktisk-estetiske fag, men skeptisk til at ein kan forventa at kommunane vil prioritera vidareutdanning i praktisk-estetiske fag.

– Det er heilt i det blå, og me har høyrt masse historiar om lærarar som har søkt om vidareutdanning innan praktisk-estetiske fag, men som har blitt avvist av skuleeigar.

I år blir det tilbydd 194 vidareutdanningskurs for lærarar, men berre fem er innan estetiske fag.

Obligatorisk del av lærarutdanninga

– Søkartalet til dei praktisk-estetiske faga i dei ordinære grunnskulelærarutdanningane søkk. Eg ser ikkje nokon tiltak for å forhindra dette. Den aller enklaste måten regjeringa kan sikra kompetanse, er å gjeninnføra krav til minimum 15 studiepoeng i praktisk-estetiske fag i lærarutdanningane, held Holdhus fram.

I strategien føreslår regjeringa å innføra ei femårig faglærarutdanning i dei praktisk-estetiske faga.

– Dei gjer det utan å diskutera verknaden av dette for dei ordinære ærarutdanningane. Er det berre musikklærarane som skal kunne syngja med elevane? Eller må ein ringa til kulturskulen kvar gong ein skal syngja i skulen? spør Holdhus retorisk.

I strategien står det at ein vil satsa på estetiske læringsprosessar i lærarutdanningane, utan ytterlegare konkretisering eller krav til utdanningsinstitusjonane. Holdhus stiller spørsmål om det er truverdig.

Lærarar utan kompetanse

Over halvparten av barneskulelærarane som underviser i dei estetiske faga har ikkje eit einaste studiepoeng i desse faga. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Holdhus vedgår at mange skular vil slita med å få tak i nok lærarar med kompetanse innan dei praktisk-estetiske faga. Ho meiner ein måte å løysa dette på er å forplikta kommunane til å få til ei vegleiingsordning for lærarane utan utdanning i dei estetiske faga.

– Kan ikkje målast

Holdhus synest det er mange fine ord og vendingar i strategien, men fryktar at skulen held fram med eit system som ikkje respekterer eigenarten til dei praktisk-estetiske faga.

– Faga er kjenneteikna av å vera sanselege og kroppslege, og vanskelege å måla resultat av. Sjølvsagt skal ein læra ting i skulen som kan målast, men det treng ikkje gå på bekostning av dei praktisk-estetiske faga, understrekar HVL-professoren.

Holdhus viser til at dei andre faga har fått utvida timetal dei siste tiåra, medan dei praktisk-estetiske faga utgjer ein stadig mindre del av timetalet i skulen.

Frå debatten på Høgskulen på Stord: Frå venstre: student Erik Lothe Jørgensen, 1. amanuensis i drama Vigdis Vangsnes, kulturskolerektor Anne Lene Østvold Jordåen og grunnskolerektor Britt Kristin Ladehaug.

Kjenner seg ikkje igjen

Anne Lene Østvold Jordåen er rektor for Stord kulturskule, og med i debattpanelet på høgskulen. Kulturskulen er nemnd veldig mange gonger i strategien for dei estestiske faga, men ho kjenner seg ikkje heilt igjen.

– Det er ikkje sikkert at kulturskulelæraren vil jobba i grunnskulen, seier ho.

Ho meiner ein må gjera noko med motivasjonen for storgruppeundervising.

– Skuleeigarane må prioritera dei praktisk-estetiske faga, og heva statusen og stoltheita over desse faga.

Ho har opplevd store endringar blant elevane deira.

– Før var det veldig skummelt å opptre, no er det ikkje så skummelt for elevane. Men no får me aldri ein elev som kan lesa notar når dei byrjar hos oss. Midt på 90-talet var det vanleg at elevane kunne dette. Det har noko med kompetansen til lærarane i grunnskulen å gjera, meiner ho.

Britt Kristin Ladehaug er rektor ved barneskulen Rommetveit skule, og etterlyser kompetanse nær elevane.

Kompetanse nær elevane

Britt Kristin Ladehaug er rektor ved barneskulen Rommetveit skule. Ho er spent på kva regjeringa vil gjera for å løfta pedagogane.

– Eg undrar meg på kor mykje kompetanse me treng. Me har bruk for kompetanse opp til eit visst nivå, men etter det er det avgrensa. Eg har hatt relativt lite bruk for hovudfaget mitt i musikk. Går me for langt i å krevja kompetanse, går me i retning av drop-in-lærarar. Då går det ut over relasjonar som òg er viktige.

Ho understrekar likevel at kvar skule treng nokon som har mykje kompetanse som kan vera med på å byggja ein kultur.

Etterlyser fleire som kan spela instrument

Den kompetansen Ladehaug etterlyser er å kunne spela instrument, og ha evne til å få til noko med elevane.

– Det er viktig å ha kompetanse som er nær elevane, poengterer Ladehaug, og fortel om ei nyleg hending på barneskulen der ho er rektor. Ho hadde med seg eufonium og trekkspel. Det enda med at elevane blei igjen i friminuttet, og ville bli igjen og prøva.

– I dag er det mange elevar som ikkje sett og prøvd ulike instrument.

Eit instrument alle har er ei stemme til å syngja med.

– Lærer lærarutdanningane studentane å bruka stemma si? Startar de dagane med song? spurde rektoren ved Rommetveit skule på debatten.

Høgskulelektor Gunhild Rolfsnes tok ordet frå salen:

– Det er vanskeleg å driva med song. Det allmenne fellesrepertoaret forsvinn, åtvara ho, og understrekar at songen er eit verktøy for allmennlærarane og har ein eigenverdi.

– Det bør vera eit minimumskrav til kompetanse for ein lærar i grunnskulen å kunne synga med elevane i musikk, held ho fast.

LES OGSÅ: Snur etter massiv kritikk: Føreslår å halda på song i norskfaget for 1.-4.klasse