Spesielt utsett er barn med lese- og skrivevanskar, fortel Kjersti Lundetræ, senterleiar ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking.
Janne Nerheim
Janne Nerheim

– Vi har ikkje forska direkte på tidtaking i samband med lesing, men ut frå det vi veit om lesing og frå psykologien vil eg sei det kan skape stress hos barn om vi tek tida på lesinga, seier Lundetræ som også er professor i spesialpedagogikk ved Universitetet i Stavanger.

Fleire norske skular nyttar leseprogram der tidtaking vert brukt som metode. Eit døme er ei leselekse der elevane skal lese ein tekst i eitt minutt medan foreldra tek tida. Så skal elevane sjå kor langt dei kjem på det minuttet. Dette skal dei gjere fem gongar.

Lundetræ meiner det er viktig at barn får bruke tida dei treng på å få med seg det som står i teksten.

– Det er viktig at dei forstår innhaldet. Viss fokuset er på å lese raskast mogleg, får dei ikkje med seg det dei les.

Lundetræ meiner det er negativt at barn lærer at jo fortare dei les, jo betre er dei på å lese.

– Det stemmer jo ikkje at det er det som karakteriserer ein god lesar. Det viktigaste er å få med seg det ein les. Då er det er viktig å ha ei roleg ramme rundt lesesituasjonen, og at foreldra kan delta ved å støtte barnet og diskutere innhaldet i teksten.

Professoren er ekstra bekymra for barn som strevar med lesing.

– For lesesterke barn vil tidtaking gi eit feil bilete av kva lesing er og skal vere. For lesesvake barn kan det skape ein situasjon der dei kun ser på starten av ordet og gjettar fordi dei blir stressa av klokka.

– I lesinga er jo eit av måla å oppnå at barna les nøyaktig og etter kvart kjenner att ordet ved å sjå på det. Viss barn som ikkje er sikre ordlesarar skal skunde seg vil dei ofte gjette på ordet. Stress skapar gjetting, og den strategien vil vi ikkje at dei skal lære seg, seier ho.

Kjersti Lundetræ er professor og senterleiar ved Lesesenteret. i Foto: Lesesenteret

Verst for barn med lesevanskar

Lundetræ meiner barn med lese- og skrivevanskar er dei som kjem dårlegast ut av leseprogram der tidtaking vert nytta som metode.

– Desse barna har allereie ei negativ erfaring med lesing, så tidtaking vil ikkje bidra til å auke kjensla av meistring. Desse barna er også ekstra utsett for å gjette på ordet.

Ho trur dei som lagar leseprogram ofte har gode intensjonar, men meiner at tidtaking er ein testmetode som ikkje bør gå inn i leseopplæringa

– Å ta tida er ein metode som blir nytta når vi kartlegg lesing i forsking. Då ser vi til dømes på kor mange ord barnet les riktig på eitt minutt. Dette er testar, og tyder ikkje at ein bør bruke det elles i skulen. Det er ikkje noko eg anbefaler.

Repetert lesing

Lundetræ fortel at forsking viser at repetert lesing bidreg til å fremme leseflyt. Så det er sjølve tidspresset som er problemet.

– Vi veit at det kan vera bra for leselysta å variere innhaldet i tekstane hyppig. Viss barn ikkje synest at lesing er spesielt gøy, og ikkje blir motivert av å lese same tekst fleire gongar, kan det føre til ein negativ haldning til leselekser om dei må repetere same teksten over fleire dagar, fortel Lundetræ.

Mengdetrening er viktig for å få god leseflyt. Det er viktig å ha tekstar som barna meistrar og som er passe utfordrande.

Viser til lesesenteret

Seniorrådgjevar Doris Amland i Utdanningsdirektoratet fortel at dei ikkje har ei systematisk oversikt over korleis skulane praktiserer leseopplæringa.

– Det er opp til den enkelte skulen å bestemme kva tid elevane skal lære kva, og kva metodar dei nyttar. Skulen skal bidra til at barn meistrar, lærer og utviklar seg. Det krev at dei tilsette i skulen har god kunnskap om korleis dei kan variere og tilpasse læringsaktivitetar slik at elevane kan lukkast, seier seniorrådgjevar Doris Amland i Utdanningsdirektoratet.

Utdanningsdirektoratet viser til Lesesenteret sine råd.

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar