«Boller og brus – jazz og blues» starta som ein barnekonsert på festivalen Ogna GjeJazz for nokre år sidan i ein kombinasjon av musikk, trylling og kostyme. Sidan har det blitt konsertar med dette på mellom anna Maijazz, Ranglerock og Sølvberget.
No har Ragnvald Wernøe har endeleg spelt inn nokre av songane.
– Eg har lenge ønskt å laga ei innspeling som er mest mogleg lik slik vi gjer konsertane – levande og leikande.
– Eg skal heller ikkje underslå at eg har vore inspirert av klassikaren «Syng klapp og Swing» som Harald Gundhus kom med i 1974 og som var del av den musikalske oppveksten min, seier Wernøe i ei pressemelding.
Stresstesta på unge, gamle – og dyr
– Plata er ei samling songar om knoklar, ulvar, nasar, sterke menn og varme smil – og ein og annan musikalsk sau – innpakka i jazz og blues. Songar som er stresstesta på unge og gamle, folk og dyr gjennom fleire år, fortel Wernøe.
– Me lånte ein hund som medspelar på ein konsert, forklarer han.
Ragnvald Wernøe på song og tangentar og Monica Cecilie Herredsvela på song er hovudaktørane. Erlend Furuset Jenssen bidrar på saxofon, Olav Abildgaard på slagverk og Spilloppene frå Hå kulturskule bidrar med song.
Skranglete
Ragnvald Wernøe er leiar for Hå kulturskule. Musikk med og for barn er ein stor inspirasjon og han har derfor skrive fleire musikalske framsyningar som har vore sett opp i Hå kommune. Han har turnert for Den Kulturelle Skolesekken i Hå med fleire av desse.
Plata tar utgangspunkt i figuren Skrangvald og universet hans.
– Skrangvald-namnet kom i ei sirkusframsyning eg laget for Breidablikk kulturbarnehage. I samband med dette leika eg med musikk der eg inkluderte leikeinstrument i komposisjonar. Det lét veldig skranglete og ein vittig kollega gav meg eit tilnamn som har blitt verande, fortel Wernøe til Pirion.
Skranglinga toppa seg med Skrangvalds julekalender 2016.
– Skrangvalds univers ønsker eg skal vera musikalsk leikande og ikkje for polert. På konsertar så blir det ei blanding av musikk med involvering av barn, trylling og kostyme. Det blir derfor ei stor grad av improvisasjon og samspel med andre medverkande og publikum, fortel Ragnvald Wernøe.
Saman med kollegaer frå Hå kulturskule har Wernøe dei siste fem åra laga årleg sirkus saman med alle 2.klassinger i Hå kommune. Der får elevar synga og spela ut ulike karakterar som Tøffe Tor, Klovner, musikalske sauer, akrobatar og magikarar.
LES OGSÅ: – Eg blir proppfull av glede når eg syng
Jubileum
Opphavleg skulle det ikkje bli plate. I samband med Hå kulturskules 50-årsjubileum 2020 skulle dei laga ein allsongkonsert med alle barnehagar i heile Hå kommune med musikken til Wernøe.
I samband med dette gjekk dei i studio for å laga øvespor.
– Men både produsent og medmusikarar synest det var for godt for internt bruk, så då spytta eg inn litt pengar i potten og gav det ut.
På grunn av koronasituasjonen, så er allsongkonserten avlyst inntil vidare. Neste planlagde konsert med musikk frå plata er ikkje før i november i Stavanger der biblioteket vil ha dei tilbake.
– Men det er jo stor stas at fleire songar frå plata har blitt spelt nesten dagleg i løpet av heile sommar på NRK Super, smiler Ragnvald Wernøe.
– Kor viktig er det at det finst ny musikk på norsk for barn?
– Det er kjempeviktig at det blir skrive ny musikk og at det er på norsk. Eg får heldigvis god støtte i kona som hjelper meg til å få tekstane songbar på nynorsk der det passar. Song er forresten ein god veg inn i språk og song er òg fellesskap.
LES OGSÅ: – Gje framtidas lærarar song i lærarutdanninga!
Meirsmak med respons
Wernøe har bakgrunn frå høgare musikkutdanning med arrangering og komponering. Overgangen vart stor då han vart sett til musikkundervisning «på landet» med musikkgrupper i barnehagealder.
– Frå å jobba med pling-plong-musikk byrja eg å laga skamlaust enkle melodiar helst med songbar refreng. Det gav meirsmak å få respons på songar eg testa ut i desse gruppene. Eg hadde òg godt samarbeid med Breidablikk kulturbarnehage som bidrog kreativt i utvikling av idear og framsyningar.
Ei samling med døme kan du sjå her: