Frode Grytten er tilbake med si første nye barnebok på 12 år.
mm

– Det er dottera mi Inga si forteneste at boka blei til, fortel Frode Grytten på telefon til Pirion.

I boka Leggetid har den populære forfattaren skrive og Mari Kanstad Johnsen illustrert ei fin og fargerik godnatt-historie.

– Bakgrunnen for boka er ein konkret episode der dottera mi Inga var skuffa over at ingen av bøkene me las handla om ho, og insisterte på at eg måtte skriva ei bok som handla om ho.

Jenta i boka Leggetid synest òg det er urettferdig at ingen bøker handlar om ho.

Mari Kanstad Johnsen har teikna store bokhyller med mange kjende bøker, også fleire av Grytten sine bøker saman med klassikarar som Hobbiten, Matilda, Heksene og Glassklokken.

Historia blir drive fram av samtalen mellom far og dotter om korleis boka skal starta, kven som er med i boka og kvar historia går.

Høgtlesing krev – og gjev

Frode Grytten set sjølv høgtlesing høgt.

– Høgtlesing er bra fordi det er noko ein gjer ilag – det er ein sosial ting. Eit barn og ein vaksen får høve til å bli betre kjent, og kan snakka saman og dela refleksjonar om det ein les ilag.

– Dessutan krev det at du må konsentrera seg. Du må stenga av alt anna av stimuli.

– Det er jo eit gigantisk eksperiment som ein held på med som ingen heilt veit konsekvensane av enno.

Grytten trur mange kjenner på at alle slags skjermar konkurrerer om tida og konsenstrasjonen vår.

– Det er jo eit gigantisk eksperiment som ein held på med som ingen heilt veit konsekvensane av enno. Me har valt å overlata tida og hovudet vårt til store teknologiselskap. Dei har ikkje berre vårt beste i tankane sine, men tenkjer òg på aksjekursen sin.

– Kunnskapsministeren vår peikar på dei positive sidene av digital læring. Men er det berre positive sider? Nja.. eg trur ikkje det, held forfattaren fram.

Han meiner skjermane et opp evna vår til å lesa og konsentrera seg. Han er òg uroa for om det kan minka evna vår til å skapa noko sjølv.

– Det er sjølvsagt positive sider med spel og TikTok, men det er ikkje alltid brukaren har kontroll, men heller teknologiselskapa som kontrollerer deg.

Betent barnebokdebatt

Det er tolv år sidan Frode Grytten kom med si førre barnebok, Gabba Gabba Hey!, saman med illustratør Gry Moursund. Han meiner debatten om barnelitteraturen kan gjera det vanskelegare for vaksenbokforfattarane å få gitt ut barnebøker. Han kallar debatten «litt betent».

Det er litt som med Midtausten, det er veldig mange sterke meiningar.

– Det er mange med markeringsbehov. Det er litt sånn «du må ikkje koma her å visa kva som er ei god barnebok», seier Grytten.

– Det er litt som med Midtausten, det er veldig mange sterke meiningar. Eg heiar på alle, seier Grytten.

Han meiner det ikkje er så veldig stor forskjell på å skriva bøker for barn og vaksne.

– Kva meiner du ei barnebok innehalda?

– Eg meiner at viss boka er bra, så er ho bra for alle. Eg håpar boka er bra for liten og stor. Eg tenkjer ikkje noko på målgruppe når eg skriv. Det viktige er å laga ei god bok.

Barndommens bibliotek

– Kva bøker gjorde inntrykk på deg i barndommen?

– Me hadde eit veldig godt bibliotek heime i Odda med mange bøker tilgjengeleg. Me hadde også bokkassar på skulen, noko som eg trur var ganske revolusjonerande på 60-talet. Egner var viktig først, men seinare las eg Jules Verne. Eg fekk òg lov til å gå opp i vaksenavdelinga før eg var stor nok, fortel Grytten.

I boka Det norske biblioteket skriv han blant anna om det nære forholdet han hadde til biblioteket i Odda då han var barn.

Tre barnebokfavorittar:

Ulf Nilsson + Eva Eriksson:
Alle døde små dyr

Oliver Jeffers:
The Incredible Book Eating Boy

 

Mari Kanstad Johnsen:
Livredd i Syden

 

Bonus:

Fred Bernard + Francois Roca:
Monsieur Cloud nuagiste

 

Oppdatert: torsdag 20. august 2020 12.56