Tetiana Kosovska har klart kunsten å laga ei fascinerande god og viktig vrimlebok om det yrande livet i naturen.
mm

Ei skikkeleg god vrimlebok er ei bok du aldri blir ferdig med. Det er ei bok der du stadig oppdagar nye detaljar og historier. I skogen. Ei vrimlebok om bier, biller og andre småkryp av Tetiana Kosovska er ei slik bok.

«I skogen» blir gjeven ut på Skald forlag.

Kosovska er frå Ukraina og bur på Sunde i Sunnhordland. Ho arbeider som frilansillustratør og har tidlegare illustrert fleire barnebøker for forlag i Sveits og Tyskland. Boka på Skald forlag er den første utgjevinga hennar i Norge.

Teiknar

I løpet av seks oppslag på kartongblad blir me tatt med heilt ned på bakken. Her yrer det av liv! Me følgjer Bessie Blåmeis og passasjerane hennar, Amelia Augestikkar, Brevbilla Bastian og fleire andre karakterar. Oppslaga er utan tekst, bortsett frå nokre få skilt. Dei detaljrike teikningane er så fulle av historier at ein kan lesa boka om og om igjen og oppdaga noko nytt kvar gong.

Handteikningane er godt komponerte og viser gjenkjennelege insekt, dyr og planter frå norsk natur. Tetiana Kosovska teiknar så levande at ho gjev naturen sjel.

Viktig bok

I tillegg til å vera vakker og vidunderleg, er I skogen også ei viktig bok. Det er ikkje alle vrimlebøker ein kan seia det om.

I 2019 la FNs naturpanel fram ein rapport som åtvarar mot at éin millionar artar kan bli utrydda. Fleire forskarar meiner me nærmar oss ei sjette masseutrydding. Insektsdød kan føra til alvorlege konsekvensar for mattryggleiken vår og naturen elles.

Dei store endringane startar gjerne frå grasrota, heilt nede på bakken. I skogen skaper glede, tilhøyrsle og tiltrekkingskraft til det yrande livet i naturen me alle er så avhengige av. Måtte boka nå mange så mange lesarar ho kan!

LES OGSÅ: Fem fine bøker om klima og miljø

Oppdatert: fredag 23. april 2021 13.56

Lik Framtida.no på Facebook: