– Det første eg gjorde var å finne stemmene deira: Frosken, haren, anda og grisen. Eg leika meg med lydane deira så lenge at eg til slutt fekk vondt i hovudet, ler Reidun Melvær Berge.
I dette intervjuet fortel skodespelaren om korleis ho førebur seg på å lese bøker for barn. Utgangspunktet er fire forteljingar om den kjende, kjære frosken som feira 30-års jubileum i forfjor.
Seks av forteljingane er samla i ei jubileumsbok for høvet. Teater Vestland og skodespelar Reidun Melvær Berge har formidla fire av dei utvalde historiene som digitale lesestunder denne våren. Vi i Sunnfjord kulturskule brukar bøkene om frosken som kunstnarleg ramme for eit større samarbeid med barnehagane i kommunen, i eit nasjonalt prosjekt vi er heldige å få delta i: Kulturbarn 2020.
For å fremje høgtlesing, både i barnehagane og heime, var vi interesserte i å høyre meir om korleis ein skodespelar førebur seg på å lese for barn.
Reidun Melvær Berge hadde både nyttige og inspirerande tips til oss:
– Det første eg gjorde, etter å ha lese historia, var å finne stemmene til karakterane. Desse forteljingane har mange replikkar, det skaper mykje dynamikk. Sidan dei er dyr, har eg tenkt: Korleis høyrest dyrelydane ut?
– Frosken sine lydar ligg langt bak i munnen, i svelget og i halsen. Eg leika litt med froske- og paddelyden, og fann ei slags boblestemme. Frosken har dessutan eit stort kjensleregister, han er ivrig og artig. Eg leita etter korleis han kunne snakke høgt, vere gira og glad, men også etter korleis eg kunne variere. Somme tider er han redd og lei seg. Alle kjenslene måtte kunne uttrykkast med stemma eg skulle bruke.
– Eg prøvde det same med haren, eg leita etter lette kanin-aktige lydar, men opplevde at det ikkje fungerte fullt så godt. I forteljinga er haren klok og ettertenksam. Haren bergar dei andre i vanskelege situasjonar, og kan svare på vanskelege spørsmål. Eg fann stemma i korleis eg oppfatta han som type: Ei mjuk og varm stemme, som kunne snakke tydeleg og venleg.
– Anda har denne karakteristiske kvakke-lyden. Korleis kunne den bli ei stemme? Eg hadde vondt i hovudet etter å ha sete ein heil dag og prøvd meg fram. Stemma var ganske skarp i starten, så blei den lysare og lettare etter kvart, rett og slett fordi den måtte vere slik for å kunne lese den godt nok differensiert frå dei andre.
– Hjå grisen gjekk eg motsett veg, han er knappare, meir skeptisk, snøftar og brumlar. Lyden vart liggande nede i nasa, langt framme, men likevel litt grumsete og grisete, forklarar Reidun Melvær Berge.
– Tolkar du forteljinga gjennom lesinga di?
– Ja, eg fargelegg, vektlegg og legg mi tolking inn i lesinga. Eg må ta mange val. I boka «Frosken og fuglesongen», til dømes, er temaet død og sorg. Boka har ein litt underleg dramaturgi, der det brått skjer eit skifte etter at den døde fuglen er gravlagt: Då er det tid for å leike og ha det kjekt. Eg var usikker; Skulle eg glatte over og dempe dette skiftet? Nei, tenkte eg. Skiljet er tydeleg i boka, og difor er det viktig å få fram. Eg valde å understreke kontrasten. Frosken får dette innfallet på sitt barnlege vis, det skal få vere ein tydeleg bodskap: Etter sorga er det lov å leike, lov å vere glad att.
– Som skodespelar synst eg desse forteljingane er takknemlege å jobbe med, dei gir så mykje! Her er tydelege situasjonar som er lette å forstå, likevel er dei opne nok til at vi kan forstå dei på ulike måtar. Forteljingane er innom mykje, utan å gjere eit stort poeng ut av alt. Dei er effektive. Det er fint. Då kan eg dra dei ut og dvele der det høver. Eg treng ikkje skunde meg.
– Gjer du tilpassingar til det munnlege talespråket ditt, eller les du skriftnært på nynorsk?
– Det er mange måtar å gjere dette på. Ei mulegheit er å lese forteljarteksten slik den står og munnleg-gjere replikkane. Eg har prøvd å halde meg den svært gode omsettinga, og bruke orda slik dei står i teksten. Står det «hjarte» les eg det som det står, sjølv om eg ville sagt «hjerte» i min dialekt. Eg meiner det er viktig å tenkje seg nøye om før ein byter ut ord.
– I ei av forteljingane er ordet «fjes» brukt. Mange ville kanskje heller bruke ordet «ansikt». Dette er to ulike ord. Gjennom det språklege mangfaldet såpass gode tekstar har å by på, får lesarane ei mulegheit til å utvide og utvikle ordforrådet sitt. Bruk denne mulegheita, forklar heller orda før eller etter lesestunda.
– Korleis byggjer du opp dramaturgien i forteljinga?
– Eg leitar etter lynnet i teksten. Eg prøver meg fram både med ulike tempo og med å plassere pausar. Eg leitar heile tida etter kontrastar. Kvar er det driv i handlinga?
– Frosken øver på å hoppe. Han vil imponere anda, som han elskar. Han hoppar høgare og høgare. Her går tempoet stadig raskare i takt med hoppinga.
– Når han sit heime og er lei seg, går eg ned i tempo, dreg orda litt ut. Finn eg spenningsmoment brukar eg pausar for å utnytte dei best muleg. Eg brukar tid på å bla i boka, tid på å bygge opp forventningane. Pausar kan og brukast for å skape stemning og ro, til dømes slik: Frosken la seg ned ved sidan av fuglen og sa: (pause) – han er død.
– Kan du låne oss dine beste tips for å førebu ei god høgtlesing?
– Finn dei aktive orda. Legg vekt på dei. Dei aktive orda er ofte verb: Hjartet hans banka. La ordet «banka» få vekt og fokus. Leit også etter dei beskrivande orda: Vedunderleg, vakker, forundra. Dra dei ut, bruk tid på å lese dei. Eg set gjerne strek, ringar rundt og markerer dei i teksten. Pass i tillegg på å lese replikkane heilt ut. Dei har noko på hjartet, desse figurane, dei må få komme fram med alt dei skal ha sagt. La ikkje stemma di falle før replikken er fullført.
– Eg prøver å reinske ned og leite etter essensen, på alle nivå i teksten. Først på eit overordna plan: Kva er bodskapen i denne boka? Så eit hakk ned: Kva skal fram på denne sida, i dette avsnittet? Så i setninga: Kva ord er viktigast akkurat her?
– Har eg eit publikum framfor meg, anten om det er berre eitt barn eller ei mindre gruppe kan eg spele lesinga meir ut ved å bruke kroppen og rommet: Eg kan la den eine karakteren sitje og den andre stå, la den eine vere krokete og den andre rak, la den eine vere framoverlent og den andre bakoverlent. Med enkle, tydelege kontrastar kan eg etter kvart nappe ut dei forklarande tekstelementa, som «sa frosken» eller «sa haren». Dei kan drepe flyten i dialogen, i verste fall.
– Ein kan gjerne involvere lyttarane, både ved å gje dei oppgåver og ved å stille spørsmål.
– Kanskje kan dei lage kulissar og stemningar, til dømes ved å tromme med fingrane når det regnar eller suse gjennom leppene når det bles. Ha alltid klare reglar for dette. Reglane må vere godt forklart på førehand. Å få delta kan skjerpe og gi fokus, men det kan også ha motsett effekt. Opnar du for spørsmål, ha ein klar strategi for korleis du skal komme vidare.
– Gled deg over borna si innlevingsevne og litterære glede, oppmodar Reidun til slutt.
– Eg har sett ungane leve seg slik inn i det eg fortel at det er magisk, bokstaveleg talt: Dei trur på illusjonen og spør meg etterpå: Korleis klarte du det? Korleis fekk du det til å skje? Det er ikkje eg.
– Det er borna sjølve, med si innbillingskraft og sin fantasi, som får det magiske til å skje. Det er, som frosken sjølv ville ha sagt: Vedunderleg!
Intervjuet er ein del av det digitale Pirionkurset «Følg frosken til lesegleda», støtta av Utdanningsdirektoratet, og er laga som ein del av Kulturbarnprosjektet til Sunnfjord kulturskule, støtta av Kulturtanken.