ØKT 3: Her finn de fleire oppgåver de kan gjere for å ha glede av songmaterialet.
Ole Nilssen
Ole Nilssen

1: Oppgåver (45 min)

Drøft spørsmåla og oppgåvene under, og vel nokre de har lyst til å arbeide vidare med. Den viktigaste oppgåva de kan gjere er å lære dykk songane, og ta dei i bruk saman med borna.

  1. Vel ein song som passar til kvardagen i barnehagen. T.d ved sovestund, bleieskift, mat eller når dei kler på seg. Prøv å bruk songen fast i ein periode slik at den kan bli ein del av rutinen til den aktiviteten.
  2. Oppmod borna til å synge songane heime. Lærer dei andre songar heime enn dei songane dei lærer i barnehagen? Undersøk om t.d foreldre eller besteforeldre kan lære vekk lokale songar dei brukte i eigen barndom.
  3. Folkelege songar blir ofte framført på lokal dialekt. Kan de i personalgruppa ein song på dykkar dialekt? Ta den i bruk, og undersøk med lokale ressurspersonar om det fins fleire songar som er eigna.
  4. Ta kontakt med nokon som de trur kan lokale barnesongar. Vurder om songane er aktuelle for borna i dag. Om ikkje, så gjer tilpassingar slik at den kan bli relevant og ein god brukssong for nettopp dykkar kvardag.
  5. Når de er ute og går på tur, prøv å synge songar som følger borna sitt gåtempo, t.d. «Hæla og tåa». Prøv gjerne songar i springetempo. Kan de ein song som er god å hinke til?

2: Liste over arkiv, og lokale ressurspersonar

 

Tilgjengeleg materiell for personalet:

Metodehefte kulturbarn Sunnfjord og Rapport frå Kulturbarn 0-8 år, Kulturtanken.

Pirionkurset er støtta av Utdanningsdirektoratet, og er også laga som ein del av Kulturbarnprosjektet til Sunnfjord kulturskule, støtta av Kulturtanken.

Oppdatert: onsdag 13. oktober 2021 15.57

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar