Garnes skule i Arna ynskjer at fleire av elevane som byrjar på skulen skal velja nynorsk.
Norsk Tidend
Norsk Tidend

No har Synnøve Hjertaker, rektor på Garnes skule, sett i gang eit større nynorskprosjekt som rettar seg inn mot dei eldste barnehageungane i skulekrinsen.

– Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Garnes skule og barnehagane Garnes gårdsbarnehage, Kidsa Øyrane og Bogane barnehage, som til saman leverer flest born til skulen, fortel Live Havro Bjørnstad, prosjektsekretær i Hordaland Mållag.

Oppsparket til prosjektet var eit møte mellom rektor på Garnes skule, Noregs Mållag og Arna Mållag for eit par år tilbake. Då var det semje om at det var viktig at skulen sjølv sette i gang tiltak for å auka medvitet hjå foreldra om å velja nynorsk for borna i skulen, og at skulen i større grad skulle sikra ein nynorsk skulekvardag rundt elevane. Prosjektet kunne setjast i gang når Garnes skule, via Hordaland Mållag, søkte og fekk midlar frå ein skulemålsprosjektpott hjå Noregs Mållag.

– Vi arbeider spesifikt med dei eldste borna for å gjera det lettare for dei å velja nynorsk i overgangen til skulen. Alle barnehagane og skulen har kjøpt inn dei same nynorske bøkene som barnehagane jobbar aktivt med å formidla til borna. Det nynorske språket er særskilt i fokus når dei jobbar med dette, fortel Synnøve Hjertaker, rektor ved Garnes skule.

– Tanken er vidare at skulen skal bruka dei same bøkene når borna kjem over hit. I tillegg til barnebøker, har vi også kjøpt fagboka «Nynorsk med dei minste» og fått ein del pedagogisk materiell frå Nynorsksenteret og Pirion som vi også brukar når vi lagar til opplegg.

Tilsette i Bogane barnehagane.

Vil ha fleire nynorskelevar
Bakgrunnen er altså at skulen ynskjer å få fleire nynorskelevar, og i samband med det har ein sett fokus på overgangen mellom barnehage og skule

Rektor er oppteken av å formidla at det er fordelar ved å ha nynorsk på skulen. Difor har ho skipa til digitale foreldremøte med føresette som har fyrsteklassingar til hausten, som i hovudsak handla om val av språk. Her fortalde ho dei frammøtte om kva reglar som gjeld for dette, og kva fordelar det er ved å ha nynorsk som opplæringsspråk på Garnes.

For å sikra kunnskap og entusiasme om prosjektet, vart det for nokre veker sidan skipa til ei samling for dei tilsette der ein tok opp spørsmåla: «kvifor jobba med nynorsk skriftspråkstimulering i barnehagen» og «korleis drive nynorsk skriftspråkstimulering i barnehagen». Hildegunn Hovde frå Nynorsksenteret kom på besøk for å kasta fagleg lys over dette.

Prosjektet har også ført til at kontakten mellom skulen og barnehagane har vorte mykje tettare enn før, og det er ein fordel både for nynorskprosjektet og anna samarbeid.

Kommentarar