Nynorsksenteret har laga ei dagtavle som barnehagane kan skriva ut, laminera og teikna på med tavletusj om dei vil. Dei kan også henga plakaten på ei magnettavle og bruka magnet, eller bruka biletkorta som ligg ved til å snakka om klede og vêret.
mm

Mange barnehagar startar samlingsstunda eller fellestida på dagen med å snakka om kva dag det er, kva årstid, vêr og liknande. Dagtavla og vêrplakaten er eit utgangspunkt for samtale i gruppa og er med på å utvida ordforrådet og borna si forståing for tid og andre samanhengar i kvardagen.

Sjølv om barnehagebarn ikkje les eller skriv sjølve enno, får også dei viktige erfaringar med kva skrift er og kan brukast til. I barnehagar og skular i nynorskområde er det viktig å bruka nynorske dagtavler og biletkort – det legg til rette for at borna får skriftspråkstimulering på hovudmålet sitt. Desse plakatane er ein enkel variant som du kan skriva ut i A3-format og laminere, slik at du kan kryssa av med tavletusj.

Dagtavle

Veret i dag

Dersom du vil klippa ut vêrsymbola og illustrasjonane av klede for å bruka som biletkort, kan du lasta ned ein PDF her: Vêret i dag (biletkort).
Les meir om bruk av dagtavla og bildekorta på Nynorsksenteret.no!
Dersom de vil ha eit vers for å markera kva vekedag det er, kan de til dømes bruka songen Dagane:
Dagane Ark 5
Dagane – ein song om vekedagane

Hilde Myklebust og Heidi Marie Vestrheim har laga ein song om vekedagane. Her finn du både tekst, illustrerte ark for kvar vekedag, musikkvideo, gitargrep, komp og innspeling av songen.

Oppdatert: torsdag 21. september 2023 11.17

Lik Framtida.no på Facebook: