På landsmøtet i Noregs Mållag i helga lanserer direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark ei ny satsing på nynorskformidling i biblioteka.
mm

I det førebuande arbeidet til den nye språklova skriv regjeringa at dei vil hindra språkbyte frå nynorsk til bokmål i dei områda der nynorsk er under særleg press. Nynorskbrukarar aust og sør i landet møter mindre nynorsk utanfor skuleverket enn dei gjer i Vestland og Møre og Romsdal.

– Derfor etablerer me ei ordning for pilotbibliotek for nynorsk i kommunar med nynorskelevar. Dette gjer me i Innlandet, Viken, Vestfold og Telemark, Agder og Rogaland, seier Sandsmark i ei pressemelding.

Vil styrkja språkleg sjølvtillit

I desse områda ser ungar og vaksne med nynorsk som førstespråk oftare bokmål enn nynorsk. Nynorsk kultursentrum vil vera med på å styrkja den nynorske sjølvtilliten i lag med lokale folkebibliotek.

– Dei kjenner lokalsamfunna. Me kan nynorsk skriftkultur. Saman kan me styrkja nynorsken, og på den måten sikra det språklege mangfaldet i landet vårt, seier direktøren vidare.

Pilotbiblioteka får arrangement for både barn og vaksne på turné, opplæring i formidling av nynorsk språk og litteratur. Nynorsk kultursentrum vil også samarbeida med biblioteka om utvikling av utstillingar om ulike tema.

Det vert sett av midlar til fem pilotbibliotek det første året og det vert mogleg å søkje på ordninga tidleg på nyåret. Nynorsk kultursentrum driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, nynorskformidling på turné i heile landet gjennom Den kulturelle skulesekken.

Faste bibliotekturnéar

Frå nyttår har stiftinga faste bibliotekturnear til alle kommunar i Møre og Romsdal og store delar av Vestland fylke.

I 2021 etablerer stiftinga Vinje-senteret for dikting og journalistikk i Vestfold og Telemark, og etablerer ordninga med pilotbibliotek.

– Då vert vi endå tettare på fleire folk i heile landet. Nynorsk er ideen om at me kan vera ulike i lag, på tvers av geografiske grenser. Det vil me arbeida for å realisera, avsluttar Sandsmark.

LES OGSÅ: Biblioteka opplever meir positive haldningar til nynorsk

Oppdatert: fredag 16. oktober 2020 20.23