– Born treng bøker for å læra å lesa, for å kunne forklara seg og for å skjøna omverda, seier forfattar Erna Osland.
– Du kan ikkje gje barn noko betre enn språk. Mat er viktig, men ord er nødvendige, understrekar barne- og ungdomsforfattaren.
Osland likar å skriva for barn fordi ho meiner at språk er så viktig når ein skal bli kjend med andre og ikkje minst seg sjølv. – Før var eg norsklærar av den grunn. No får eg vere med og skrive bøker og ikkje minst bidrag i lesebøker – som er verdas viktigaste bøker, understrekar ho.
Det primære med Osland si skriving har aldri vore å underhalda. Forteljinga er med på å setja lesaren inn i korleis andre tenkjer, understrekar ho. Forfattaren gjev ikkje slepp på barnet i seg. Mykje av den nynorske barnelitteraturen har noko å by den vaksne på same tid som den er for barn og ungdom, fortel ho. Den gode barnelitteraturen tek med seg heilskapen, den er om og for både barn og vaksne. 

– Er det ei grense for kva ein kan skriva om for barn??
– Det er ingen grenser for kva tema ein kan skriva om for barn, konstaterer Osland. – Det som set grenser, er måten ein gjer det på. Ein må skriva slik at barn kan forstå det, at dei har glede og nytte av det. Sjølvsagt finst det vaksne som set grenser for kva dei vil barn skal lese og høyre om, seier Osland, men ho trur ofte det er meir skrivemåten enn emnet vaksne reagerer på. Samstundes meiner ho det er klart at stilen og framstillinga kan verka skremmande på ein liten lesar.

– På kva måte kan tematikk som døden i barnelitteratur vera til hjelp for unge lesarar?

– Alt som er vanskeleg, blir lettare om ein kan snakka eller lesa om det, det er no min måte å sjå det på. Og les ein ei bok saman med andre, slepp ein kanskje å gå og tenkja og vera heilt aleine. Mi bok om døden handlar jo nettopp om ein gut som får snakka om det mest naturlege av alt, at vi alle skal dø ein gong, seier Osland.
Osland har fått tilbakemeldingar både frå barn og vaksne som blir glade for at ho vil setja ord på, gje språk, til det som trykkjer fordi det er usagt eller gøymt på eit vis. Forteljingar kan opplevast som forklaringar. Og det ein finn forklaring på – eller det som blir sett i ein samanhang – blir lettare å forsone seg med.

Tar barnelitteratur i dag barn på alvor?
– Ja. Så absolutt. Ikkje alle bøker sjølvsagt. Her er det som i vaksenlitteraturen, det finst bøker som berre er for tidtrøyte. Men mange bøker for barn i dag vil barnet vél og respekterer det som lesar og lyttar. Osland meiner at det ofte er meir å finna i ein del barnebøker enn den vaksne travle bokmeldaren klarer å finna. Den vaksne meldaren tar ikkje lesinga si på alvor, og dermed får han ikkje tømt teksten og sjølvsagt heller ikkje meldt frå om alt det fine som blir skapt nettopp fordi forfattaren tar den barnlege lesaren på alvor.

Fakta:
Erna Osland er fødd i Høyanger i 1951. Ho debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har etter det skrive meir enn 30 bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland har skrive noveller, romanar, skodespel, sakprosa og ein teikneserie om Ivar Aasen. Ho har fått mange prisar for bøkene sine, og i 1999 vann ho både Brageprisen og Kritikarprisen for barneboka Salamanderryttaren. I 2007 gav Mangchou ut barneboka Fint å ha far av Erna Osland. – (kjelde: aasentunet.no)

Den Uendelege Reisa: Samlaget skriv dette om Erna Osland si siste barnebok. William og bestefar har lagt ut på ei reise saman til Egypt, men før reisa kjem i gang, blir bestefar påkjørt, og William blir kasta ut i eit eventyr på liv og død heilt åleine. Den uendelege reisa er ei magisk-realistisk forteljing som tek lesaren med inn i egyptisk mytologi og bergenske Williams uendeleg store redsel for å døy. Vignettar av Mikkel Grüner. Den uendelege reisa er Erna Oslands andre bok om reiser. Den farlege reisa var den første. (Kjelde: Samlaget)

Lik Framtida.no på Facebook: