På nettstaden www.historier.no kan du finne forteljingar frå heile landet.
Føremålet for netsttaden er å bli den største samlinga av lokalhistorier i landet, fortel initiativtakar Knut Egil Kvarving til Norgeslasset på NRK.

Dei digitaliserte forteljingane er sortert etter fylke og kommune. I mappa Telemark kan du til dømes finne eventyr og segner som “Då eg tende på Jønneberg”, “Rare folk” eller “Uldrekuer ved Fløran”.

Du kan og finne film- og lydklipp og gamle postkort, og det er mulegheit for å kommentere og diskutere fortlejingane.
Alle som vil kan og bidra med forteljingar dei har samla sjølve. Då kan ein logge seg på netsttaden og leggje inn forteljingane sjølv. Før dei blir lagt på nett vil ein redaksjon gå gjennom og viurdere dei.
Mange av historiene er og tilgjengelege i lydofrmat for dei som ikkje kan eller vil lese, seier Kvarving.

Lik Framtida.no på Facebook: