Eg har eit hefte som er anonymt å sjå til, men med eit særs verdifullt innhald. Dette vesle heftet i A4-format vernar eg godt om, men eg har delt ut mange kopiar gjennom åra for å dele med barn og vaksne i barnehagar og skolar. I tillegg har det vesle heftet vore nyttig i arbeid med teatergrupper eg har hatt ansvar for.

For denne skatten vert ikkje mindre jo meir eg deler, snarare det motsette.

Skatten eg skriv om, er eit hefte som heiter Rim og regler frå Ringebu. Eg må vedgå at eg ikkje hugsar eksakt årstal, men tidleg på 1980-talet var det at ei 9.-klasse ved Ringebu ungdomsskole som under leiing av norsklæraren sin, Aslaug Graff Høye, gjorde seg ferdig med å samle inn rim, regler, leikar, bånsullar, segn og gåter frå bygda si.

Desse ungdomane, som for lengst er vaksne og kanskje har eigne barn, gjekk til kjelder i nærmiljøet sitt, til foreldre, naboar, besteforeldre og fleire og sanka kulturelle skattar. Og resultatet vart ei gåve til barnehagen i bygda.

Dette viktige kulturarbeidet dreiar seg om den lokale kulturen, men også den nasjonale. Det handlar om den munnlege forteljinga og overlevering av kultur frå generasjon til generasjon. Dette kulturarbeidet må nokon gjere, og nokon må setje den munnlege forteljartradisjonen ned på papir.

Kva tydar så desse rima og reglene for barn av 2010? For det fyrste kan eg raskt slå fast at rim og regler ofte kan dukke opp i fleire delar av landet, men i ymse variantar. Fleire kan òg sporast til andre europeiske land, ja, jamvel til andre delar av verda.

Innhaldet i heftet, som utgjer ein viktig del av skattkammeret mitt, er tufta på folkeleg visdom og tradisjonar. Kulturarbeidet til 9-klassingane på 1980-talet har vore inspirasjonskjelde og opphav til kulturarbeid saman med tallause barn og vaksne i barnehagar og skolar.

Denne delen av kulturarven dreiar seg om livsvisdom, humor, kvardag og leik for små og store.

Fleire av reglene frå heftet Rim og regler i Ringebu kan ein også kjenne att som songar, og nokre er no i bruk i eit musikkprosjekt mellom ein lokal barnehage og elevar frå musikklina ved ein nærliggjande vidaregåande skule.

Innsamlinga av rim og regler med meir frå Ringebu kan dessutan sjåast i eit barnekulturelt perspektiv, då ein god del av det innsamla materialet er prega av den kulturen barn skaper seg imellom.

Min kulturskatt, i form av eit hefte på 23 sider, lever snart sitt eige liv. Rim, regler og bånsullar dukkar opp att der ein minst skulle tru. Frå skattkammer skal ein dele – og få rikeleg attende.

Eg vil rette ein stor takk til dei som den gongen var viktige kulturarbeidarar og kulturberarar, kan hende utan å vere klare over det sjølve.

Torill Sperre er førskulelærar, fagleg rettleiar og kulturarbeidar.

Lik Framtida.no på Facebook: