Songen opnar nye dører til barna si verd, og han styrkjer samspelet mellom små og store. Musikkpedagog Bergljot Lyssand Bjørø syng med ungane frå dei er nyfødde. Jordmor Marianne Klokset Aspås startar endå tidlegare.

– Barna har rytme og musikalitet i seg lenge før dei lærer språk. Eg syng ofte til ungane kva dei skal gjere, seier Bergljot Lyssand Bjørø.

Musikklæraren og småbarnspedagogen er sjølv vaksen opp med musikk. Som kulturskulelærar for dei minste barna og kurshaldar for folk som jobbar med barn, kan ikkje dama frå Os i Hordaland framheve nok kor viktig songen er, og kor mykje musikken kan utrette for dei minste. Vi kjem til verda med rytme og musikalitet i oss. Ved å ta tak i dette tidleg kan språkleg og motorisk utvikling stimulerast, meiner Bjørø.

Syng ved stellebordet

Songen kan mellom anna ha mykje å seie i den tidlegaste kommunikasjonen mellom barn og vaksne.

– Gjennom bruk av song kan samspelet styrkjast, meiner Bjørø.

Ho tilrår mellom anna stundene på stellebordet til slik bruk.

– Ved å leike med musikk då, kan barnet bli betre kjent med kroppen sin, og god kontakt mellom barn og vaksne kan utvikle seg.

– Kva tid skal ein byrje å syngje for barnet?

– Frå det er nyfødd, meiner sangpedagogen, men legg raskt til at det også er dei som meiner ein skal byrje endå tidlegare.

Saman før fødselen

Mellom desse er jordmor Marianne Klokset Aspås frå Gjemnes kommune på Nordmøre. Ho gav i fjor, i samarbeid med Gjemnes mållag, ut heftet Smålåten. Syng og sull for Barnet. Gjennom arbeidet med komande foreldre og ufødde barn har ho erfart at songen kan spele ei viktig rolle allereie under svangerskapet.

– Foreldre og barn bør setje av tid til å vere i lag også før barnet er fødd. Då blir ikkje overgangen så brå, meiner Aspås.

Ho trur travle kvardagar gjer at mange lett gløymer å vere nær og kommunisere med det ufødde barnet.

Vitaminer for kjenslene

– Kor tidlig i svangerskapet bør foreldra byrje å syngje for barnet?

– Eg oppmodar dei til å starte etter tre månader. Sansenivået er til stades allereie frå barnet byrjar å utvikle seg i mors liv. Frå midten av svangerskapet veit vi at barnet kan høyre, forklarer Aspås.

Kor mykje barnet har med seg frå desse første songane seinare, er vanskeleg å vete noko om. Argumenta til Aspås er tufta på erfaringar ho sjølv har gjort seg som jordmor og mor.

– Vi merkar at ufødde barn reagerer på lyd, mellom anna ved at dei rører på seg – eller ved at dei blir liggande heilt stille i magen når dei blir sungne for, seier ho.

Aspås meiner det er lett å gløyme dei åndelege behova våre, som songen kan vere med på å fylle. Fokuset på alt det fysiske knytt til svangerskapet får fort forrang, som kva den gravide skal ete, kor mykje ho skal røre på seg, vere ute i frisk luft og så vidare.

– Songen gjer noko med oss. Han skaper gode kjensler, og vi treng desse kjenslemessige vitaminene meir enn vi tenkjer på, trur jordmora.

Elskar mor si stemme

– Kva bør dei som kvir seg for å syngje, og som ikkje synst røysta deira er god nok, gjere?

– Mange seier dei ikkje kan syngje, men han eller ho som er i magen, spør ikkje etter om røysta er fin eller stygg. Barnet elskar mor og far si røyst, meiner Aspås.

Ho legg til at røysta til mor får ein spesiell verdi for det ufødde barnet, fordi det er denne som er nærast. Røysta til far må trass alt gjennom bukveggen før ho når inn. Det kan verke positivt på barnet si kjensle av tilknyting og tryggleik å bli sungen for allereie frå det er i mors liv, trur Aspås. Jordmora legg til at ein del av foreldra ho treffer, vegrar seg for å syngje i starten, fordi dei naturleg nok synest det kan vere rart og uvant å syngje for eit menneske dei ikkje kan sjå.

Kvir seg for å syngje

Musikklæraren frå Os møter, til liks med Aspås, også vaksne som kvir seg for å syngje. Bjørø held kurs for barnehagetilsette, mellom anna for å få dei til å våge – og for at dei skal få auga opp for korleis song og musikk kan brukast i arbeidet med dei minste.

– Mange vaksne trur dei har ei dårleg røyst, og dette er veldig kjenslefylt. Røysta vår representerer noko svært personleg, nesten som fingeravtrykket vårt. Mange ber på opplevingar som gjer at dei ikkje tør å syngje. Målet blir å få dei til å tore, forklarer Bjørø.

– Du bør finne noko som er ditt eige, og starte der. Alle har eit forhold til musikk, og du treng ikkje kunne mange songar, det held med éin, oppmodar ho vidare.

Ved å starte med ein song vi kjenner og har eit forhold til, kan sjølvtillita komme langsamt tilbake, erfarer Bjørø.

– Stemma er det flottaste instrumentet vi har. Eg vil påstå at alle kan syngje, men det er også viktig å vere medviten om at stemmebandet er ein muskel som treng trening. Vi må øve oss, held ho fram.

Barn set pris på alle røyster

Barn godtar det og set pris på det om du hiv deg ut i songen. Det betyr for dei at du er engasjert, framhevar musikkpedagogen.

Bjørø er oppteken av at barnehagetilsette ikkje må avgrense musikken til å bli noko dei berre bruker i samlingsstunda. Musikken kan ein integrere i alt, erfarer ho, til dømes når ungane kler på seg, og når dei er i skogen. Gjennom song, rytme og musikk får dei små stimulert mange sansar på ein gong, noko som gjer opplevingane rikare og læringa lettare.

– Gjennom songen gir vi også barnet ein skatt. Vi gir det tonar, vakre ord og nærleik. Dette har det med seg vidare i livet, seier Bjørø.

Syng på dialekt

Det å synge på dialekt er noko både Bjørø og Aspås er opptekne av. Bjørø jobbar i Os, som er ein kommune med mykje tilflytting frå nabokommunen Bergen. Ho seier ho av og til får kommentarar på at ho vel for gamle songar. Bjørø trur likevel at det å syngje dei gamle songane kan vere med på å gi barna eit rikare språk, saman med lokal tilknyting og identitet. Ho har gjort det til tradisjon at ho alltid sluttar babysongtimane ho har ved kulturskulen, med ein bånsull.

– Bånsullane er gullet vårt, meiner musikklæraren.

Lik Framtida.no på Facebook: