Dyra i Solskogen skal lage vårfest. Det blir travelt. Somme av dyra søv, somme berre tullar og tøysar, og dei som jobbar på, treng hjelp.

I denne boka spelar lesaren ei ganske stor rolle. På kvar side blir nemleg barnet invitert til å delta: Kan du tørke dyra som badar, kan du blåse på når sebra har vondt, eller vere med og rope litt på dyra? Slik held det fram gjennom heile boka, og som rimeleg er, vankar det også skrøyt til slutt til den som har vore flink til å hjelpe til.

Det er nesten så ein skulle sett at denne boka hadde vore i stiv papp, for når dyr skal kitlast og kyssast og masserast, så må det til slutt synast att på boksidene. Men det gjer ikkje så mykje, og uansett så vil dette vere ei bok mange av dei minste vil ha stor glede av å ta del i. Tenk å få vere med i ei bok!

Av Björk Bjarkadóttir

Samlaget 2011

Lik Framtida.no på Facebook: