Alle kjenner historiene om Albert Åberg og pappaen, så langt er 30 bøker om Albert gjevne ut i Noreg. Bruk skallen! sa pappa Åberg er den siste som er gjeven ut, og ho kom ut samstundes både i Noreg og i Sverige. 

Albert og Milla lagar sin eigen versjon av Star Wars – i riddartida. Dei byggjer ein heil landsby med skattekiste og våpenlager berre for å imponere dei store søskenbarna som kjem på besøk. Men søskenbarna Bing og Benny blir ikkje så imponerte. Dei har fått seg leiketøy som store barn har, både mobiltelefon og robotbil.

 

Når robotbilen øydelegg landsbyen til Albert og Milla, er slåstkampen i gang, og pappa Åberg må gripe inn. Albert og Milla synest det er urettferdig at pappa Åberg kjeftar på dei og vil straffe dei – det var jo ikkje dei som starta det heile. Men kva skjer eigentleg? Får dei straff? Eller lurer pappa Åberg Bing og Benny? 

Bøkene om Albert Åberg er alltid stappfulle av moral, også denne. Det er ikkje lov å slå barn, og det er viktig å bruke skallen, å tenkje seg om når ein skal prøve å gjere noko rettferdig. Slike moralske tema kan fort bli for påtatte i ein tekst og kan verke mot sin hensikt dersom ein ikkje klarer å flette desse spørsmåla inn i handlinga. Elles blir dei berre liggande på utsida. Men boka om Albert Åberg skuffar ikkje, kanskje aller mest fordi me forventar ein moralsk ende på boka. 

Teikningane er kanskje litt trauste, men signaliserer også at det er ei koseleg historie. Albert Åberg har dessutan særtrekka sine i behald, slik at mange vil kjenne han att. Framsida, derimot, kunne ein gjort betrakteleg meir ut av.

Boka passar best for dei frå 6 år og oppover. 

Av: Gunilla Bergström
Cappelen Damm 2012

Lik Framtida.no på Facebook: