– Så Anna?
– Ja?
– Kunne du ha sagt noko om det å vera barnebokforfattar, illustratør og småbarnsmor?
– Eg er jommen ikkje sikker du, men eg skal prøva.
For meg byrja draumen om å få laga barnebøker då eg fekk born sjølv.
Eller, ikkje med ein gong, sjølvsagt. I byrjinga tusla eg rundt i ei altoppslukande ammetåke og var særs nøgd med det.
Det var då eldstemann fekk ei Bø og Bæ-bok (Bø og Bæ gjer reint, for å vera heilt presis) til 2-årsdagen, at eg fekk auga opp for slike små og enkle bøker.

 

Me las og las, om att og om att. Eg vart fasinert over at guten, og endå meir eg sjølv, ikkje vart lei av å lesa ei så enkel bok. Gode og sjarmerande karakterar. Enkel og fin tekst.

Ei bok som trefte oss begge langt inn i hjartegropa.
Og for meg som er vaksen opp med nynorsk, så var jo desse to figurane heilt perfekte!

Utdrag frå middagsbordet, då Anna var omlag 13 år:
A – Anna
P – Pappen hennar
M – Mammo hennar
M: «Noko som skjer denne veka, Anna?»
A: «På mandag skal eg …»
P: «Måndag.»
A: «På måndag skal eg ha med meg ein pinne på skulen.»
(Her skulle eg truleg ikkje ha med meg ein pinne, men det er ikkje det som er poenget i dette utdraget.)
A: «Og på tirsdag …»
P: «Tysdag.»
A: «Greitt. Og på tysdag skal me ta pinnen med heim.»

Så, når nokon lurer på kvifor eg skriv på nynorsk, synest eg det er like rart som …
Nei, eg veit ikkje kva det er like rart som, men eg har alltid gjort det. Kvifor slutta fordi eg skulle skriva ei bok?

Eg skal vedgå at eg ikkje visste kva som rører seg i barnebøker, då eg bestemte meg for å laga ei bok.
Eg kjende best til dei bøkene som eg sjølv hadde minner frå då eg var lita.Eg hugsar at Trollkrittet var ein favoritt. Eg hugsar også at eg skrytte på meg at eg hadde lese boka lenge før eg orka å lesa så lange tekstar, fordi eg kunne ho utanåt.

Men det å laga ei bok tok si tid. Det tok lang tid. Det tok faktisk heile 5 år før eg våga å senda noko inn til eit forlag.
No sat eg ikkje pal i 5 år, natt og dag, og skreiv og skisserte det eg makta. Nei, det var idear som kom og gjekk. Figurar som dukka opp på skissepapiret og sa hei, men som ikkje hadde noka historie å fortelja. Ein baby til, og flytting to gongar. Men tanken om ein gong å få gje ut ei bok var alltid med meg.

Det som til slutt vart boka om Henrik And, hadde nok ikkje vorte til om eg ikkje hadde prøvd alle desse åra. Tenkt at om eg berre hadde teikna som han, eller skrive like morosamt som ho. Eller rett og slett vore nokon annan. Ja då, då hadde det vore lett.

Ein dag dukka Henrik opp på skisseblokka mi. Han såg så lei seg ut at eg måtte spørja kva som var i vegen. Det var då han svara at han heller ville vore noko anna, men ikkje var heilt sikker på kva.

Henrik And vart laga då eg var i fødselspermisjon med sistemann.
Sidan illustrasjonane er laga med collageteknikk, så vart det ein del klipping og liming.

Det føregjekk slik at eg sat ved pulten og klipte medan eg brukte venstrefoten til å vogga veslejenta i søvn. Då fekk eg tid til å jobba medan ho sovna, og når ho sov.
Ja, for ein må vera effektiv når ein får nokre minutt med boklaging.

Det er slik eg jobbar; tenkjer på det som eg skal skriva, medan eg går og handlar, skisserer litt medan eg sit ved senga og ventar på at ein unge skal sovna.Skisserer vidare når eg set meg ned i sofaen for kvelden. Tenkjer litt til før eg sovnar.

Slik som denne teksten her, den tenkte eg ut medan eg laga ein salat.

Og så er det veldig godt å ha menneske rundt seg som støttar, som lar meg få halda på med dette som er draumen min.
All ære til dei. Nei, dei skal eg ikkje gløyma.

Eg fekk ein gong eit råd (eit jysla godt eit også, om eg må få seia det):
«Skriv den beste boka du vil at ungane dine skal lesa.»
Så det er målet. Eit stort og skummelt mål, som eg truleg aldri når.

Men ein må jo ha noko å strekkja seg etter.
Så medan eg er på veg mot eit uoppnåeleg mål, håpar eg at bøkene eg lagar undervegs, kan vera med på å laga koselege lesestunder.

Anna R. Folkestad er illustratør, forfattar og småbarnsmor
Her kan du lese meir om bøkene og karakterane hennar.

Lik Framtida.no på Facebook: