Forskarar har laga ei topp ti-liste over kva ord som er vanlegast at born seier først. Gjett kven som er på topp?

 

I ei stor språkundersøking har forskarar kartlagt dei femti første orda born seier. – Dei første orda til borna er knytt til sosial samhandling og leik. Dei aller første orda har eigentleg ikkje noko konkret meining, men dei er ord som vi seier medan vi gjer noko, seier førsteamanuensis Nina Gram Garmann ved Høgskolen i Oslo og Akershus til Forskning.no.

Ho forskar på barnespråk og har gjort kartlegginga saman med forskarar frå Universitetet i Oslo. Dei har samla inn over 4.000 svar frå foreldre til born i alderen åtte til 36 månader, og sett saman ei liste over dei første orda til norske barn. Her er topp ti-lista:

Mamma

Hei

Brr

Nam-nam

Pappa

Nei

Ha det

Takk

Voff voff

– Mange av desse orda har ganske vag meining, men er ord vi bruker når vi utfører visse handlingar. Til dømes seier vi «brr» når vi leiker med bil. På same måte seier vi «takk og «vêr så god» når vi har ein «gi og ta»-leik med born, seier Garmann.

Nokre av dei første orda liknar på bablemønsteret til born, som til dømes «mamma» og «pappa».

– Det at foreldre tillegg meining til bablinga hjelper borna til å forstå at dette kan vere ord, meiner språkforskaren. (NPK)